Tegning av alfabet.
Det norske ordet alfabet skriven som på norsk med ulike alfabet: latin, gresk og kyrillisk.
Tegning av alfabet.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Skriftspråk er den skriftlege forma av eit språk, som ein bruker når ein skriv og les. Det er i motsetnad til talespråket, som ein bruker når ein snakkar og eller høyrer andre snakke.

Skriftspråk er noko menneska har laga på grunnlag av talespråk. Nynorsk og bokmål er døme på norske skriftspråk, og dei er laga på grunnlag av forskjellige dialektar.

Nokre språk, som norsk og dei fleste andre språka i Europa, er både skriftspråk og talespråk, men dei fleste språka i verda er berre talespråk.

Talespråk begynte å utvikle seg mellom menneska for veldig lenge sidan, truleg for meir enn hundre tusen år sidan, den gongen alle menneske budde i Afrika. Skriftspråk oppstod for berre litt over 5000 år sidan, og dei fleste språk har berre blitt skrivne i nokre hundre år eller mindre.

Skrift

Når ein skal skrive eit skriftspråk, bruker ein skrift, for eksempel eit alfabet.

Eit eksempel er det latinske alfabetet, som blir brukt til norsk og mange andre språk. Andre eksempel på alfabet:

I eit alfabet står dei fleste bokstavane for éin språklyd, som bokstavane i det latinske alfabetet.

Det kinesiske skriftspråket blir ikkje skrive med eit alfabet, men fleire tusen teikn som har både betydning og uttale. Mange teikn står for heile ord. Eit eksempel er teiknet 马, som betyr «hest» og blir uttalt .

Det har vore fleire skriftsystem gjennom historia som ikkje er i bruk lenger, for eksempel runer, kileskrift og hieroglyfar.

Skriftspråk og talespråk

Dei første skriftspråka oppstod i Mesopotamia og Egypt for litt over 5000 år sidan — med kileskrift i Mesopotamia og hieroglyfar i Egypt. Desse skriftsystema var ikkje alfabet, og likna meir på den kinesiske skrifta. Før den tid fanst det berre talespråk, og framleis blir dei fleste språka i verda berre snakka.

Det varierer kor like skriftspråk og talespråk er. Nokre skriftspråk er svært like slik ein snakkar, for eksempel finsk. Då skriv ein ord ganske likt som det ein seier dei. Slike skriftspråk er som regel fått ei fast form ganske nyleg.

Andre skriftspråk er mindre like slik ein snakkar, for eksempel engelsk eller fransk. Desse skriftspråka blei laga for over 500 hundre år sidan, da folk snakka på ein heilt annan måte enn i dag.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo