Kart over islandsk språk
Islandsk er det største språket på Island.
Kart over islandsk språk
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Islandsk er det største språket på Island. Litt over 300 000 menneske snakkar islandsk. Nesten alle bur på Island.

Islandsk og norsk var det same språket i vikingtida. Islandsk er meir likt språket som vikingane snakka, enn det norsk er.

Særdrag

Foto av Codex Regius.

Denne boka er frå 1200-talet, og er diktsamlinga Den eldre Edda. Slike gamle tekstar har vore viktige for islandsk. Islandsk har bevart mykje av språket frå vikingtida.

Islandsk har halde på mange av orda frå vikingtida. Viss ein kan islandsk, kan ein lese 800 år gamle tekstar på norrønt. Men det er ulikt korleis orda blir uttalte.

Islendingane er kjende for å omsetje framandord til islandsk i staden for å bruke lånord frå andre språk. Til dømes:

  • vegabréf (vegbrev) i staden for pass
  • sjónvarp (synskast) i staden for TV
  • farsimi (reisetråd) i staden for mobiltelefon

Av og til bruker ein likevel dei utanlandske orda, som blogg og sörfa. Sjølv om det islandske ordet for pizza er flatbaka, seier dei fleste berre pítsa.

Islandsk har ganske lik grammatikk som norrønt.

På islandsk viser bøyinga av ordet kva som skjer. Dette heiter kasus. Til dømes kan det islandske ordet for hund, hundur, bli bøygd mellom anna slik

  • Hundurinn bítur (Hunden bit)
  • Han gaf hundinum kjöt (Han gav hunden kjøtt)

På islandsk bøyer ein òg talorda éin, to, tre og så vidare, etter kva kjøn personen eller tingen har. Til dømes er tre menn þrír menn, medan tre kvinner er þrjár konur.

Alfabetet

Bokomslag, Harry Potter.
Harry Potter og de vises stein på islandsk.
Bokomslag, Harry Potter.
Amazon.
Lisens: PD

Det islandske alfabetet har 32 bokstavar. Dei har små teikn over nokre bokstavane som ein ikkje har på norsk. Til dømes Á, É, Í, Ó, Ú og Ö. I tillegg har dei bokstavane Ð og Þ.

Ð og Þ viser til spesielle lydar. Dei liknar th-lydene på engelsk. Ð er same lyd som i det engelske ordet with. Þ er same lyd som i think.

Islandsk har ikkje C, Q, Z eller W. Z var med i alfabetet fram til 1973, men dei tok han ut fordi ein kan bruke S i staden. Ein del gamle bøker og namn brukar Z.

Historie

Frå 800-talet flytta folk frå Noreg til Island. Dei snakka norrønt.

Fordi Island er ei øy langt ute i havet, har språket endra seg sakte. På 1200-talet hadde norsk endra seg frå norrønt, medan islandsk hadde behalde det meste av norrønt.

Frå 1400-talet var dansk og tysk viktige språk i politikk og handel. Latin var viktig i kyrkja. Derfor lånte islandsk ord frå dansk, tysk og latin, men ikkje like mange som dei andre nordiske språka.

På 1800-talet blei islendingane ekstra opptekne av å bevare sitt eige språk.

Islandsk høyrer til dei nordiske språka i den indoeuropeiske språkfamilien.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Marit Julien
Professor i nordiske språk, Lunds universitet