Foto av forsiden til boka

Vandriane rakkrar / Taterne forteller / Taterane fortel er den første boken utgitt på romani i Norge.

Foto av forsiden til boka
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Romani er det norske namnet på språket til romanifolket. Språket blir også kalla norsk romani. Dette er språket til dei reisande, taterane.

Internasjonalt blir romani brukt om ei stor språkgruppe.

Norsk romani er ikkje språket som blir snakka av folkegruppa rom. Det språket blir kalt romanesnorsk.

Det finst mange norske namn på folkegruppa som snakkar romani: romano, romanifolk og tater.

Utbreiing

Det er vanskeleg å seie kor mange som kan snakke norsk romani i dag. Det er òg vanskeleg å vite kor stor folkegruppa romanifolket er.

Unge romanifolk har ofte lite kunnskap om språket romani. Ein viktig grunn til dette er den brutale fornorskinga. Folket blei utsette for denne politikken på 1900-talet.

Særdrag

Alle språka i den store gruppa av romanispråk har ein del ord som er like. Mange av desse stammar frå før folkegruppa forlét India for kring 1000 år sidan. Andre ord stammar frå språk dei var i kontakt med før dei kom til Søraust-Europa (Balkan) kring år 1300.

Språket som folkegruppa snakka kring 1300, blir kalla ur-romani. Etter det har språket fått mange lånord og blitt påverka, ut frå kva land dei som brukar språket har budd i.

I norsk romani har over halvparten av orda røter i ur-romani. Ein mindre del av orda kjem frå tysk og nederlandsk.

Om lag ti prosent av orda er norske ord i endra form. Eksempel er verbet buddra (bu) og substantivet vårføy (vår).

Norsk romani blir bøygd likt som norsk. Til dømes blir tjei (jente) bøygd på denne måten: tjei, tjeia, tjeier, tjeiane.

Historie

Romani kjem frå språket til reisande folk som kom til Norden kring år 1500. Forskarar veit ingenting om norsk romani før starten av 1800-talet. Forma på språket er nokså likt i dag som det var på 1800-talet.

I 1998 fekk romani status som minoritetsspråk i Noreg, saman med kvensk og romanes.

Romani i bøker

Den eldste kjelda til norsk romani er handskrivne notat av meistertjuven Gjest Baardsen (1791-1849). Han var ikkje sjølv romani, men lærte språket i fengsel.

Den første boka på norsk romani kom i 2014. Boka heiter Vandriane rakkrar / Taterne forteller / Taterane fortel. Teksten i boka er på romani, bokmål og nynorsk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo