Netttside som viser oppslagsordet «bok» på begge skriftspråk.

På nett er det ordbøker for både nynorsk og bokmål. Dømet viser eit søk på ordet «bok». Det heiter «ei bok» på nynorsk og «en bok» eller «ei bok» på bokmål.

Svart/hvitt portrett av Ivar Aasen som en eldre mann.
Ivar Aasen var ein norsk språkforskar og forfattar. Han forska på norske dialekter for å lage eit norsk skriftspråk basert på dei. Han kalla dette språket «landsmål». Landsmål skifta seinare namn til nynorsk.
Tegning av Ivar Aasen.
Av .

Nynorsk er eitt av dei to norske skriftspråka. Det andre er bokmål.

Tidlegare heitte nynorsk landsmål, medan bokmål vart kalla dansk, dansk-norsk eller riksmål.

Eit eige norsk skriftspråk

Noreg var i union med Danmark frå 1537 til 1814. Skriftspråket var dansk. Det var stor avstand mellom skriftspråket og måten folk flest snakka på.

Dei som styrte landet, utvikla ein egen måte å snakke på, særleg når dei ville vere høgtidelege. Då snakka dei som om dei las opp dansk tekst, med norsk uttale. Dei andre som budde i Noreg snakka norsk med ulike dialekter.

I 1814 fekk Noreg ei eiga grunnlov. Etter kvart meinte mange at vi burde ha eit eige norsk skriftspråk. Det vart kamp om korleis ein skulle lage dette.

Det var to måtar ein såg for seg å kunne lage eit norsk skriftspråk:

  • Nokon meinte ein burde ta utgangspunkt i dansk, og så gjere det meir norsk. Dette språket vart lenge kalla dansk, dansknorsk eller riksmål. Knud Knudsen var ein viktig person i dette arbeidet. I 1929 vart det bestemt at dette skriftspråket skal heite bokmål. I dag er dette det mest brukte norske skriftspråket.
  • Andre meinte at ein burde ta utgangspunkt i korleis folk i Noreg prata, og så lage eit skriftspråk ut frå det. Dette språket vart kalla landsmål. Ivar Aasen var viktig i dette arbeidet. I 1929 vart det bestemt at dette skriftspråket skal heite nynorsk.

Ivar Aasen

Språkforskaren Ivar Aasen meinte det beste var å skape eit heilt nytt skriftspråk ut frå talemålet.

Aasen reiste rundt i heile landet og skreiv ned korleis folk prata. Han fann ut korleis dialektene hang saman, og samanlikna dei med norrønt. Ut frå dette skapte han eit nytt skriftspråk. Det er i dag kjend som nynorsk.

To skriftspråk

I 1889 bestemde Stortinget at nynorsk skulle bli likestilt med dansk som skriftspråk i Noreg. Alle fekk rett til å lære og bruke nynorsk i skulen og elles. Slik blei det to skriftspråk i Noreg.

Bokmål er mest brukt. Nynorsk er sterkast på Vestlandet og i fjellbygder i innlandet. Nynorsk står også sterkt i kulturlivet, som i litteratur, i tv og radio og i kyrkja.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Marit Julien
Professor i nordiske språk, Lunds universitet