Faktaboks

Hovudstad
Doha
Innbyggjartal
2,79 millioner
Storleik
11 490 km²
Statsform
monarki
Statsoverhovud
emir Tamim bin Hamad Al Thani
Språk
arabisk
Nasjonaldag
18. desember
Valuta
qatarsk rijal
Flagg
plassering av Qatar på jordkloden. Kart

Qatar (mørkegrønt) ligg i Asia (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Qatar er eit lite land som ligg i Midtausten i Asia. Landet grenser til Saudi-Arabia i vest. Landet har også sjøgrenser mot Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata og Iran. Hovudstaden heiter Doha.

Natur og klima

Plassering av Qatar med naboland rundt, kart.

Qatar og naboland

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Qatar ligg på Den arabiske halvøya. Landet har kyst mot Persiabukta. Landet er flatt, og det høgaste punktet ligg 105 meter over havet.

Mesteparten av landet er ørken som består av sand og stein. Ved kysten er det fleire sandstrender som er populære blant innbyggjarane og turistar.

Nasjonaldyr er oryx, som er ein antilopeart. I ørkenen lever mellom anna gaselle, sjakal og sandkatt. Det er også mange kamelar i landet.

Mesteparten av straumen og energien i landet kjem frå fossilt brennstoff som naturgass og olje.

Qatar har eit varmt og tørt klima. Om sommaren kan temperaturen bli på over 50 grader.

Folk og kultur

Berre rundt elleve prosent av befolkninga er statsborgarar i Qatar. Dei fleste som bur i landet har flytta dit frå mellom anna India og Bangladesh for å arbeide. Tilflytta arbeidarar har få rettar i landet, og mange arbeider under svært dårlege forhold. Qatar har fått kritikk frå internasjonale organisasjonar for behandlingen av desse arbeidarane.

Nesten heile befolkninga bur i byar. Arabisk er offisielt språk, men engelsk er òg mykje brukt. Islam er den største religionen.

Både grunnskule og vidaregåande skule er gratis. Alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 15 år. Det finst fleire universitet og høgskular i landet.

Fotball er den mest populære sporten blant barn og ungdom. I 2022 arrangerte Qatar VM i fotball for menn.

Politikk og økonomi

Qatar er eit monarki med konge som statsoverhovud. Landet blir styrt av kongefamilien Al Thani. Landet er ikkje eit demokrati.

Mange menneske i landet jobbar med turisme og i oljeindustrien. Det er mykje olje og naturgass i Qatar, som landet tener pengar på å selje til andre land.

Qatar er medlem av mellom anna FN, Verdsbanken og Den arabiske ligaen.

Historie

Det har budd menneske i området som no er Qatar i minst 8000 år. Allereie for 5000 år sidan blei det drive mykje handel i området.

Frå 1500-talet til 1800-talet styrte Portugal, Det osmanske riket og ulike lokale, mektige familiar delar av landet. Al Thani-familien, som styrer landet i dag, kom til makta på slutten av 1900-tallet.

Qatar var delvis styrt av Storbritannia frå 1916 til landet blei sjølvstendig i 1971. Etter sjølvstendet har Qatar utvikla seg til å bli eit av dei rikaste landa i verda.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Charlotte Lysa
Forsker, Universitetet i Oslo