Faktaboks

Mauritania
Hovudstad
Nouakchott
Innbyggjartal
4,74 millioner
Storleik
1 030 700 km²
Statsform
republikk
Statsoverhovud
president Mohamed Ould Ghazouani
Språk
arabisk
Nasjonaldag
28. november
Valuta
mauritansk ouguiya
Flagg
plassering av Mauritania på jordkloden. Kart
Mauritania (mørkegrønt) ligger i Afrika (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Mauritania er eit land som ligg vest i Afrika. Landet grensar til Vest-Sahara, Algerie, Mali og Senegal. Hovudstaden heiter Nouakchott.

Natur og klima

Plassering av Mauritania med naboland rundt, kart.

Mauritania og nabolanda

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Mauritania har ein over 700 kilometer lang kyst mot Atlanterhavet i vest. Landet er nesten tre gonger større enn Noreg. Rundt to tredjedelar av landet ligg i Sahara-ørkenen.

Mesteparten av landet er sletteland, med sand og grus. Høgaste punkt i landet heiter Kediet ej Jill, 915 meter over havet.

Sør i landet ligg grassletta Sahel og Senegalelva. Her veks det meir tre og busker. På slettene lever mellom anna leopard, gaseller, vortesvin og struts.

Mesteparten av Mauritania har eit ørkenklima, med svært lite regn. Nokre stader kan det om dagen bli over 50 varmegrader.

Folk og kultur

Folk bur svært spreidd i Mauritania, og landet er eit av dei tynnast folkesette i Afrika. Rundt 70 prosent av befolkninga er av arabisk og berbisk opphav. Nesten 40 prosent er under 15 år.

Over halvparten av befolkninga lever i byar. Arabisk er offisielt språk. Islam er statsreligion, og nesten heile befolkninga er muslimar.

Grunnskulen er gratis, og alle born må gå på skule frå dei er 6 til 15 år. Mange jenter i landet sluttar på skulen når dei skal byrje på ungdomsskulen.

Fotball er den mest populære sporten blant born og ungdom.

Politikk og økonomi

Mauritania er ein republikk. Presidenten og statsministeren deler på å styre landet, men presidenten har mest makt.

Landet vart eit demokrati i 1991, men dei som styrer i landet, har vorte kritiserte for alvorlege brot på menneskerettane.

Mange menneske i landet arbeider med jordbruk, fiske og handel. Landet tener pengar på å mellom anna selje fisk og jernmalm til andre land.

Mauritania er medlem av mellom anna FN, Verdsbanken og Den afrikanske unionen.

Historie

I fleire tusen år levde det jegerar og sankarar i det området som i dag heiter Mauritania.

Rundt år 300 byrja berbarar frå Nord-Afrika å busetje seg i området. Arabarane kom til dei nordlege delane av landet nokre hundre år seinare.

På 1400-talet byrja europeiske land å setje opp stasjonar for handel langs kysten. I dei neste årshundra kjøpte europeiske land slavar i Mauritania.

Tidleg på 1900-talet vart Mauritania ein fransk koloni. Etter andre verdskrigen vart dei første politiske partia i landet danna. Mauritania vart sjølvstendig i 1960.

Etter sjølvstendet var landet innblanda i fleire konfliktar og krigar. I dag er samfunnet delt mellom dei arabiske folkeslaga i nord og dei afrikanske i sør.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør