Alfabetet man også bruker på norsk, fra A til Z. De norske bokstavene æ, ø, å mangler.

Det latinske alfabetet er det mest brukte alfabetet i verda, og det blir brukt i mellom anna alle vesteuropeiske språk. Det består av dei same bokstavane som romarane brukte, men med nokre få tillegg.

Det latinske alfabetet

Latin var opphavleg språket til innbyggjarane i og rundt byen Roma. Gjennom heile mellomalderen til langt inn i nyare tid var latin det viktigaste skriftspråket i Europa.

Latin er ikkje lenger eit aktivt språk, men det har påverka mange av språka som finst i dag. Dessutan blir mange latinske ord framleis brukt innan medisin og i andre fag. Få andre språk har betydd like mykje for historia til verda.

Det latinske alfabetet er det mest vanlege alfabetet i verda.

Utbreiing

Latin var språket til dei som budde i og rundt Roma omkring 500 fvt. Latin spreidde seg med Romarriket. Romarriket strakte seg utover eit enormt område: frå Skottland i nord, til Egypt i sør og frå Marokko i vest, til Kaukasus i aust.

Latin fekk høg status i Romarriket. Dei fleste snakka latin og andre dialekter blei fortrengt. Sjølv om språket blei snakka over eit stort område, fanst det omtrent ikkje dialekter. Allereie ca. 100 år før vår tidsrekning blei det bestemt ein måte å skrive latin på. Denne blei omtrent ikkje endra på.

Latin slutta å vere morsmål for nokon rundt år 600.

Historie

Bilete frå Gutenbergs Bibel

Bilete av teksten i Johann Gutenbergs Bibel frå 1455/1456. Han er skriven på latin.

Bilete frå Gutenbergs Bibel
Av /※.

Latin kom til Roma og områda rundt med innvandrarar frå nord. Vulgærlatin var namnet på språket folk faktisk snakka, som skilde seg frå skriven latin. Etter kvart utvikla vulgærlatin seg og blei dialekter i dei forskjellige områda.

Etter at Romerriket gjekk i oppløysing, blei latin splitta opp i mange ulike dialekter. Etter kvart var dialektene så ulike at dei blei eigne språk. Dette var starten til dei romanske språka, som fransk, italiensk og rumensk.

Kulturspråk

Frå rundt år 300 blei latin nytta som språk i kyrkja. Dette gjorde latin til eit internasjonalt språk som særleg dei som hadde utdanning brukte. Latin blei brukt som språk i kyrkja, i vitskapen, innan medisin og i skulen i fleire århundre.

Først på 1700-talet blei latin erstatta av fransk som eit felles språk i Europa. På slutten av 1800-talet fekk engelsk denne rolla.

Dei fleste språka i Europa har mange latinske lånord i språket. På norsk er ord som kultur, litteratur, tekst, prosa, universitet, professor og studere lånord frå latin.

Latin i skulen

Latin var eit av dei viktigaste faga på skulane i Noreg fram til midten av 1800-talet. Dette gjaldt særleg på katedralskulane og latinskulane. Først i 1869 blei latin mindre viktig i skulen. Pensum blei korta ned og latin var ikkje lenger elevane sitt første framandspråk.

I dag kan ein framleis velje latin som framandspråk ved nokre vidaregåande skolar og ein kan studere det på universitetet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Hanne Eckhoff
Førsteamanuensis i russisk språkvitenskap, University of Oxford