Alfabet
Det norske ordet alfabet skriven som på norsk med ulike alfabet: latin, hebraisk, gresk, kyrillisk og japansk.
Tilleggsbokstavar Æ, Ø Å.

I det norske og danske alfabetet brukar ein Æ, Ø og Å i tillegg til dei vanlege 26 latinske bokstavane.

Tilleggsbokstavar Æ, Ø Å.
Lisens: CC BY SA 3.0
Kinesiske skrifttegn

Det kinesiske skriftsystemet er det nest mest brukte i verda etter det latinske. Biletet viser kinesiske skriftteikn som tyder «du», «eg», «venner», «fiendar».

Kinesiske skrifttegn
Av .

Alfabet er det settet av symbol eller skriftteikn som viser til dei enkelte lydane (vokalane og konsonantane) i eit språk. I dei fleste alfabet står teikna i ei fast rekkefølge.

Ordet alfabet kjem frå dei to første bokstavane i det greske alfabetet: alfa og beta.

Bruk

Alle språk i Vest-Europa brukar variantar av det latinske alfabetet. Det latinske alfabetet er det mest brukte alfabetet i verda. Det har 26 bokstavar. I Noreg og Danmark bruker ein i tillegg Æ, Ø og Å.

Det er svært mange ulike alfabet i verda, til dømes det kyrilliske, det greske, det hebraiske og det arabiske.

Det arabiske alfabetet blir brukt til å skrive arabisk og fleire andre språk. I arabisk heng bokstavane tett saman, og dei endrar form etter kvar bokstaven står i ordet. Når ein skriv arabisk, skriv ein nesten berre konsonantar.

Det nest mest brukte skriftsystemet i verda er det kinesiske. Det har mange tusen ulike teikn for ord eller orddelar og er ikkje ei alfabetisk skrift.

Japanarane tok i bruk kinesiske skriftteikn i dei første århundra evt. På 800-talet blei det utvikla ei bokstavskrift med to variantar: hiragana og katakana. Hiragana og katakana er ikkje alfabet, for teikna står for stavingar i det japanske språket, ikkje for enkeltlydar. Moderne japansk blir i dag skriven med ein kombinasjon av dei to variantane og kinesiske teikn.

Historie

Det eldste reine alfabetsystemet som er kjent, stammar frå 1700-1500 fvt. Det er det nordsemittiske alfabetet.

Omkring 1000 fvt. utvikla det nordsemittiske alfabetet seg i fire greiner:

  • kanaaneisk
  • arameisk
  • sørsemittisk
  • gresk

Dei fleste alfabeta i verda har utvikla seg frå desse fire.

Frå det arameiske alfabetet stammar mange alfabet, som det arabiske og fleire indiske alfabet.

Det greske alfabetet spreidde seg vidare til Vesleasia, Egypt og Italia. Både det latinske og det kyrilliske alfabetet stammar frå det greske alfabetet.

Det norske alfabetet er basert på det latinske alfabetet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo