Faktaboks

Senterpartiet

Sp (forkortelse)

Guovddášbellodat (samisk)

Foto av Vedum, i dress og hvit skjorte, på en talerstol inne i stortingssalen. I bakgrunnen er fronten av Stortingspresidentens podium.
Senterpartiets partileder Trygve Slagsvold Vedum på talerstolen i Stortinget. Som finansminister er det hans jobb å fortelle Stortinget om statsbudsjettet for 2024.
Trygve Slagsvold Vedum
Av /NTB.

Senterpartiet er eit norsk politisk parti. Senterpartiet er eit sentrumsparti (sjå politisk parti). Trygve Slagsvold Vedum er leiar av partiet.

Senterpartiet er spesielt oppteke av landbruk og norsk mat. Dei vil at det skal vere like bra å bu over heile landet. Dette er utgangspunktet for mykje av politikken deira.

Politikk

Alle dei norske partia har politikk for korleis dei meiner samfunnet skal vere. Senterpartiet er kjend for:

  • å vere mot EU
  • at dei vil gi meir pengar til Forsvaret og politiet
  • at dei vil ha færre ulv i Noreg, så sauer ikkje blir drepne av ulv
  • at fleire saker skal avgjerast nærare der folk bur, i kommunestyra, ikkje på Stortinget
  • at dei vil ha politi, sjukehus, ambulanse og brannvesen over heile landet

Saker som er viktige for alle politiske parti i Noreg er for eksempel politikk for skatt, og politikk for klima og miljø.

Skatt

Senterpartiet vil bruke ganske mykje pengar på skule, helse og andre tenester over heile landet. Derfor vil dei òg at folk og bedrifter skal betale nokså mykje skatt. Dei vil likevel at dei som tener lite, skal betale mindre skatt.

Klima og miljø

Partiet vil produsere meir miljøvennleg energi som vasskraft og vindkraft. Dei vil likevel halde fram med å leite etter, og hente opp, olje. Dei vil at dei som jobber med olje framleis skal ha jobb, og at staten skal tene pengar på olja.

Ei viktig sak for Senterpartiet er at folk skal ete meir norsk mat. Dei meiner at den norske maten er trygg og sunn, men òg at det er miljøvennleg å ete mat som ikkje har reist så langt. Dei vil at staten skal gi meir pengestøtte til bønder og fiskarar. Dei vil òg at det skal bli dyrare å kjøpe mat frå utlandet.

Makt og popularitet

Senterpartiet sit i regjeringa saman med Arbeidarpartiet. Leiaren for Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, er finansminister i regjeringa, og har ansvar for statsbudsjettet.

I stortingsvalet i 2021 blei Senterpartiet det tredje største partiet på Stortinget.

Like mange kvinner og menn stemmer Senterpartiet. Dei er mest populære utanfor dei store byane.

Historie

Senterpartiet blei til i 1920. På denne tida var mange i Noreg bønder. Først heitte partiet Bondepartiet. Det blei populært og fekk mange stemmer. I 1959 var ikkje like mange i Noreg bønder lengre, og partiet skifta namn til Senterpartiet for å vise at dei ikkje berre var eit parti for bønder.

Senterpartiet har samarbeidd med mange ulike parti gjennom historia. Dei siste åra har dei samarbeidd mest med Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Ungdomsorganisasjonen til partiet heiter Senterungdommen. Han blei til i 1949.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge