Faktaboks

Vasco da Gama
Fødd
1469, Portgual
Død
24. desember 1524, Portugisisk India (nå India)
Måleri av Vasco da Gama
Oljemåleri av Vasco da Gama frå første halvdel av 1500-talet.
Måleri av Vasco da Gama
Lisens: CC BY 3.0
kvit høg skulptur på kanten av ein odde med utsyn over havet

Eit kors med Vasco da Gamas namn og årstalet 1497 står ved Kapp det gode håp i dagens Sør-Afrika. Gama nådde hit 4. november det året.

Fotografi
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Vasco da Gama var ein portugisisk oppdagar. I 1497 var han den første som reiste frå Europa til India ved å segle rundt Afrika.

Kong Manuel 1. av Portugal ville finne ein sjøveg til India for å kontroll med handelen av krydder. Krydder var ei dyr og populær vare i Europa på denne tida. Det ville bringe rikdom og makt til kongen og Portugal. Kongen ville også nedkjempe islam og at alle heller skulle vende seg til katolisismen.

Vasco da Gama segla tre gonger over havet til India. Desse reisene bidrog til at Portugal blei ei stormakt på havet.

Bakgrunn

Vasco da Gama blei fødd i 1469 i Portugal. Det er ikkje så mykje som er kjend frå dei unge åra hans, men ein trur at han studerte matematikk og navigasjon.

Han hadde segla for den portugisiske kongen tidligare og blei satt til å leie den første reisa til India.

Den første reisa til India (1497–1499)

I 1497 drog Vasco da Gama ut på den første reisa si til India frå Lisboa i Portugal. Han var leiar for tre skip med eit mannskap på 170.

Den første reisa til India blei lang og farefull. Dårleg vêr på havet førte til at skipa måtte inn til land for å bli reparerte. Mangel på mat gjorde at mannskapet blei sjuke. Til slutt, etter ti månader, nådde dei Calicut i India.

Vasco da Gama fikk med seg varer frå India. Dei var verd mykje meir enn det heile ekspedisjonen kosta. Etter nesten to år på reise kom Gama tilbake til Portugal i 1499. Mange av mannskapet hans døydde på vegen tilbake av sjukdommar og mangel på mat.

Den andre reisa til India (1502–1503)

På den andre reisa til India drog Vasco da Gama ut frå Portugal med 15 skip med eit mannskap på 800. Kongen ville at Gama skulle avtale å samarbeide med hamnebyar i Afrika og India. Han skulle også sjå korleis det stod til på handelsstasjonar som portugisarane hadde i områda.

Under denne reisa plyndra Gama det muslimske skipet Miri. Etterpå søkkte han skipet med alle menneska om bord. No blir denne handlinga sett på som brutal og uakseptabel. Men då Vasco da Gama kom heim, blei han hylla av kongen for å ha nedkjempa muslimane og ført skipa trygt heim med rikdomar.

Den tredje reisa til India (1524)

Det var gått mange år sidan Vasco da Gama hadde reist til India. I løpet av denne tida hadde Portugal fått mindre makt på havet. Derfor blei Gama igjen sendt til India. Han skulle mellom anna erstatte folk som ikkje gjorde jobben sin i India med sine eigne menn.

Medan han var i India, blei han sjuk. 24. desember 1524 døydde han i fortet sitt i Cochin i India.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Carl Fredrik Feddersen
Førsteamanuensis i historie, Universitetet i Agder