kart

Arktis er områda med is, havet og landet som grensar mot havet.

Av /Store norske leksikon ※.

Arktis er eit stort område som ligg rundt Nordpolen. Området består av både hav og landområde. Arktis grensar mot Noreg, Finland, Russland, Alaska (USA), Canada, Grønland (Danmark) og Island. Arktis har ingen klare grenser mot sør.

Arktis er rundt 26 millionar km², som er litt større enn Nord-Amerika. Rundt 70 prosent av Arktis er hav, resten er landområde. Havet rundt Nordpolen blir vanlegvis kalla Polhavet.

I Noreg blir Svalbard, Jan Mayen og den aller nordlegaste kysten av fastlandet rekna som ein del av Arktis. Havet som ligg inntil 370 km (200 nautiske mil) utanfor fastlandet blir rekna som del av dei ulike landa. Resten av Polhavet er eit internasjonalt område.

Natur og klima

hvit og grå fugl med svart hette og raudt nebb
Raudnebbterna hekkar i Arktis. Når det blir mørketid i Arktis, flyg raudnebbterna til Antarktis for å overvintre der. Dette er rekorden for kor langt ein trekkfugl flyg mellom områda for hekking og overvintring.

Det er litt ulikt klima ulike stader i Arktis, men somrane er korte, og vintrane er lange og svært kalde. Vanlegvis er ikkje temperaturen i juli høgare enn 10 grader i gjennomsnitt.

Mesteparten av området rundt Nordpolen er dekt av snø og is det meste av året. Nokre kystområde i Arktis har eit varmare klima, mellom anna fordi Golfstraumen varmar opp lufta og havet.

Nokre stader i Arktis har temperaturen auka med rundt tre grader dei siste femti åra. Dette er tre gonger raskare enn gjennomsnittet i resten av verda. Temperaturen på Svalbard har til dømes auka mykje meir enn i resten av Noreg.

Klimaendringane fører mellom anna til at isen smeltar raskare og at det blir meir ferskvatn i havet. På tretti år har tjukna på isen om sommaren vorte nesten halvert. Forskarar trur det kjem til å bli varmare i Arktis dei neste åra. Klimaendringane i Arktis kan påverke klimaet og dyrelivet i resten av verda.

Dyr og plantar

foto av to isbjørnar
Isbjørnen er eit vanleg rovdyr i Arktis. Han jaktar på og et sel.

Dyrelivet i Arktis er tilpassa det kalde klimaet. På land lever mellom anna isbjørn, polarrev, lemen, røyskatt, ulv, rein og polarhare. Isbjørnen lever det meste av livet på havisen ved kysten.

Det er òg mange ulike fugleartar i dei arktiske områda, spesielt sjøfuglar. Det hekkar mellom anna krykkje, polarlomvi, havhest, rødnebbterne og polarmåke i området. Havet er rikt på ulike kvalartar, sel, kvalross og mange ulike fiskeartar.

Plantane på land er for det meste mose, gras, lave buskar og blomar.

Historie

Det har budd urfolk som inuittar og samar i arktiske område i tusenvis av år.

Dei norske polarfararane Roald Amundsen og Fridtjof Nansen utforska Arktis og Nordpol-området på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Susan Barr