Faktaboks

Roald Amundsen
Fødd
16. juli 1872
Død
18. juni 1928
Et luftskip som flyr oppe i lufta. sorthvitt foto

I 1926 flaug luftskipet Norge med Roald Amundsen og 15 andre over Nordpolen. Dette blir rekna som første gong menneske nådde polpunktet. Det var òg første gong at noko luftfartøy gjennomførte ei flyging mellom Europa og Amerika over Arktis.

Foto av luftskipet Norge
Av /Norsk Folkemuseum.
Lisens: Pd

Roald Amundsen var ein norsk polfarar og oppdagar. Han er mellom anna kjend for å ha leidd den første ekspedisjonen som nådde Sørpolen.

Amundsen er òg kjent for å segle gjennom Nordvestpassasjen i Polhavet og fly i luftskip over Nordpolen. Amundsen er Noregs mest kjende polfarar, ved sida av Fridtjof Nansen.

Bakgrunn

svart-kvitt foto av seglskute i isen

Gjøa ligg fastfrose i isen under seglinga gjennom Nordvestpassasjen i 1903–1906.

foto
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Roald Amundsen vart fødd i 1872 og vaks opp i Kristiania (Oslo). Allereie då han var 15 år bestemde han seg for å bli polarforskar.

I 1890 byrja han å studere medisin ved universitetet, men slutta tre år seinare,e då mora døydde. Amundsen ville framleis bli polarforskar. Han gjekk mykje på ski og bada i kalde fjordar om vinteren. Han beundra Fridtjof Nansen og andre polfararar, og følgde tett med på deira ekspedisjonar.

Tidlege ekspedisjonar

Frå 1897 til 1899 var Amundsen med på ein ekspedisjon til Antarktis, som styrmann på skipet Belgica. I løpet av denne turen låg skipet fastfrose i havisen i 13 månader. På denne turen lærte Amundsen mykje om leiing og korleis han kunne overleve under kalde og vanskelege forhold.

I 1903 kjøpte Amundsen fiskebåten Gjøa. Med denne båten vart han den første til å segle gjennom Nordvestpassasjen, frå Atlanterhavet til Stillehavet, i same skip. Undervegs på denne ekspedisjonen nådde Amundsen òg den magnetiske nordpolen.

Ekspedisjonen gjennom Nordvestpassasjen varte til 1906, og Roald Amundsen kom tilbake til Noreg som ein berømt mann.

Første ekspedisjon til Sørpolen

I 1910 fekk Roald Amundsen låne båten Fram av Fridtjof Nansens, for å kunne reise til Nordpolen. Men undervegs forandra han kurs og drog heller mot Antarktis og Sørpolen.

Då båten var framme i Antarktis, drog Amundsen saman med fire andre menn mot Sørpolen på ski. Dei hadde med seg 52 grønlandshundar som drog dei fire sledane med utstyr og mat.

Samstundes med Amundsen var ein britisk ekspedisjon på veg mot Sørpolen. Denne var leidd av Robert F. Scott. Ekspedisjonane konkurrerte om å kome først til Sørpolen.

Etter 56 dagar på isen nådde Amundsen Sørpolen, fem veker før Scott. Amundsen og mannskapet vart dei første menneska til å nå Sørpolen.

Ekspedisjonen til Nordpolen

Amundsen meinte at fly var viktige for å utforske dei ukjende områda av Arktis.

I 1926 nådde Amundsen og 15 andre Nordpolen, med luftskipet Norge. Dei hadde då vore 16 timar i lufta. Dei blir rekna for å vere dei første menneska som nådde fram til Nordpolen. Med på turen var mellom anna Oscar Wisting, som òg var med på ekspedisjonen til Sørpolen.

I 1928 døydde Roald Amundsen i ei flyulykke under ein redningsaksjon i Arktis. Flyet styrta i havet, og Amundsen vart aldri funnen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Susan Barr