Foto av eit flagg med eit gult felt inn mot flaggstånga og eit kvitt felt lengst ut. Midt på er ein raud figur som førestiller stein lagt oppå kvarandre. I det øvste, høgre hjørnet er ei blå stjerne.

Flagget til den canadiske provinsen Nunavut. Det er der inuittane tradisjonelt har budd. Nunavut fekk sjølvstyre i 1999. Den raude figuren førestiller steinar som er stabla oppå kvarandre for å hjelpe folk å finne vegen.

Nunavut sitt flagg
Av /Shutterstock.

Inuitt er eit urfolk som lever i Canada, USA og på Grønland. Sjølv om inuittane bur i ulike land, har dei same bakgrunn.

Inuittar i dag

Nesten alle inuittar bur i byar og tettstader på Grønland, i Canada og i staten Alaska i USA.

Det bur flest inuittar i Canada, i 2016 var det rundt 65 000. Mange av dei bur i Nunavut, som er eit område inuittane styrer sjølv.

På Grønland er 90 prosent av befolkninga på 50 000 inuittar. I tillegg bur det nokre tusen inuittar i Alaska og i Danmark.

Organisasjonen Inuit Circumpolar Concil jobbar med rettigheiter for inuittar. Den blei starta av inuittar frå Grønland, Canada og USA i 1977.

Historie

Foto av iglo i Canada
En inuitt står med en slede utenfor igloen sin. Bildet er tatt på Bafflin-øya i Canada på begynnelsen av 1900-tallet.
Foto av iglo i Canada
Av /NTB.

Inuittene var i opphavleg nomadar som levde i små samfunn. For rundt 1000 år sidan kom thulefolket til Grønland. Dagens inuittar er etterkommarar etter thulefolket som budde dei same stadene som det bur inuittar i dag.

Inuittane budde ofte langs fjordar og ved havet.

Nokre stader budde inuittane i igloar, som er vinterhus som er laga av snø. Andre stader bygde dei hus av kvalbein og stein.

Inuittane laga hundesledar for å komme seg over isen. I sjøen brukte dei kajakkar som var laga av tre og selskinn.

Frå slutten av 900-talet kom det folk frå Noreg og Island for å bu på Grønland. Frå slutten av 1200-talet var Grønland ein periode styrt av den norske kongen.

På 1700-talet blei mange av områda der inuittane budde koloniserte av land i Europa. Det forandra levemåten til mange av urfolket. Grønland blei kolonisert av Danmark på slutten av 1700-talet.

Mange stader fekk ikkje barna lære sitt eige morsmål på skulen. Etter kvart mista òg inuittane område der dei hadde drive jakt og fiske i mange hundre år.

1900-talet

På 1900-talet blei områda inuittane budde i til delar av landa Canada, USA og Danmark. Då måtte inuittane kjempe for like rettigheiter som dei andre statsborgarane i desse landa.

Inuittar på Grønland fekk mellom anna rett til å styre Grønland sjølv i 1953. Men dei ble ikkje heilt sjølvstendige frå Danmark. Danmark styrer mellom anna utanrikspolitikken deira.

I 1999 fekk inuittane i Canada sjølvstyre over eit stort område som heiter Nunavut. Også i Alaska har fleire inuittsamfunn fått auka råderett over områda der dei alltid har budd.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stener Ekern
Professor emeritus, Universitetet i Oslo