Foto av binne med to ungar
Binne med to ungar på Svalbard. Ungane følger mora til dei er om lag 2,5 år gamle.

Isbjørn er den største bjørnen i verda og lever i Arktis. I Noreg finst han berre på Svalbard. Isbjørn er verdas største landlevande rovdyr. Den viktigaste maten til isbjørn er sel.

Hannane blir kalla bamse og hoene blir kalla binne.

Beskriving

Tegning av isbjørnspor.
Isbjørnen har store føter med fem tær med klør. Heile sålen på foten er nedi på bakfoten når han går. Bakfoten måler omlag 30 cm.
Tegning av isbjørnspor.
Av /NINA / Artsdatabanken.
Lisens: CC BY SA 4.0

Isbjørnen har tett og kvit pels. Under huda har bjørnen eit tjukt lag feitt som vernar mot kulde. Hannane kan bli opptil to og ein halv meter lange og vege omtrent 500 kilo. Det er omtrent dobbelt så mykje som hoene veg.

Isbjørnen har store flate føter med ei ru overflate som gjer at dei ikkje glid på isen. Den tette pelsen og dei store føtene gjer at det er lett for isbjørnen å svømme.

Levevis

Ein stor labb med fire tær. Sporet går langt ned i underlaget, så ein kan sjå at isbjørnen er tung.
Isbjørnen har store føter. Her er isbjørnspor frå Svalbard.

Isbjørnen lever mykje av livet sitt på og i nærleiken av isen på havet. Han jaktar, parar seg og kviler på isen. Vaksne isbjørnar lever åleine.

Sel er den viktigaste maten for isbjørnar. Isbjørnen jaktar aller mest i dei periodane då selen har ungar. Isbjørnen tek òg sel som dukkar opp frå hol i isen for å puste. Små kvalar, sjøfugl, fisk og egg kan òg vere mat for isbjørnar.

Isbjørnar får ikkje tak i like mykje mat heile året. Dei kan svelte i lange periodar. På stader der det er menneske, forsyner isbjørnar seg av alt dei kjem over.

Vaksne isbjørnar kan svømme veldig langt og vere heile dagen i vatnet. Hoer med små ungar svømmer ikkje like mykje som andre vaksne isbjørnar. Det trur forskarar er fordi ungane ikkje toler å vere lenge i det iskalde vatnet.

Formeiring

Isbjørnane parar seg frå mars til juni. Hoa lagar ei hòle i snøen på hausten. Der kviler ho til ungane blir fødde i løpet av vinteren. Hoa føder vanlegvis éin eller to ungar. Ungane lever saman med mora til dei er omtrent to og eit halvt år gamle.

Trua art

Klimaendringar som får isen til å smelte, gjer at området der isbjørnen kan leve, blir mindre og mindre. Når havisen smeltar tidlegare på våren og frys til seinare på hausten blir det kortare tid og mindre plass for isbjørnen å finne mat på.

Når isen smeltar, fører det òg til auka trafikk med skip og leiting etter olje. Dette forstyrrar isbjørnen og forureinar havet. Isbjørnen blir sjuk på grunn av miljøgifter. Miljøgiftene blir lagra i feittet til byttedyra som isbjørnen et. Når isbjørnen et mange byttedyr, får han mykje av denne gifta lagra i sitt eige feitt. Dette fører til at isbjørnen får dårlegare immunforsvar og kan utvikle kreft.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Kjetil Lysne Voje
Ph.d., Universitetet i Oslo