Faktaboks

Også kjend som

V (forkortelse)

Foto av Melby på en talerstol. Hun vender seg bakover og holder opp venstre hånd med pekefingeren rett opp.

Venstres partileder Guri Melby holder tale på Stortinget i 2023.

Guri Melby
Av /NTB.

Venstre er eit norsk politisk parti. Det er eit sentrumsparti (sjå politisk parti). Mange som stemmer Venstre, kallar seg liberale. Guri Melby er leiar av partiet.

Partiet er spesielt oppteke av at kvart enkelt mennesket skal bestemme over sitt eige liv. Dei er òg opptekne av klima. Dette er utgangspunktet for mykje av politikken deira.

Politikk

Alle dei norske partia har politikk for korleis dei meiner samfunnet skal vere. Venstre er spesielt kjend for:

  • at dei vil endre lovene mot narkotika, så det ikkje skal vere straffbart å kjøpe og bruke mindre mengder narkotika
  • at dei vil utvide grensa for når ein sjølv kan velje abort til veke 18
  • at dei vil ha meir valfag i skulen

Saker som er viktige for alle politiske parti i Noreg er til dømes politikk for skatt, og politikk for klima og miljø.

Skatt

Venstre vil at menneske skal kunne bestemme mest mogleg over sine eigne pengar. Dei vil derfor ha litt lågare skatt for personar med vanleg lønn. Samstundes vil dei at staten skal ha nok pengar til å lage gode skular og andre tenester. Difor vil dei at folk som tener veldig mykje, skal betale litt meir skatt.

Partiet vil at det skal vere lett for folk å lage sin eigen arbeidsplass, til dømes ein frisørsalong eller ei databedrift. Slike små bedrifter skal derfor betale ganske lite skatt, synest Venstre. Bedrifter som forureinar mykje, skal betale meir skatt.

Klima og miljø

Venstre vil at Noreg skal slutte å leite etter meir olje. Dei vil heller satse på meir miljøvennleg energi som vasskraft, vindkraft og solenergi.

Makt og popularitet

Mellom 2018 og 2021 var Venstre med i regjeringa som blei leidd av Erna Solberg frå Høgre.

I 2023 har Venstre åtte representantarStortinget. Dei samarbeider ofte med partiet Høgre. Derfor har dei vore med i regjeringa fleire gonger.

Venstre er mest populære blant unge veljarar. Dei er like populære i by og bygd. Fleirtalet av dei som stemmer Venstre har høg utdanning.

Historie

Venstre var det første politiske partiet i Noreg. Det blei til i 1884. På denne tida hadde kongen mykje makt. Dei som starta Venstre, meinte at dei folkevalde politikarane på Stortinget burde få meir makt enn kongen. Dei første åra kjempa Venstre òg for religionsfridom og for at kvinner skulle få røysterett.

Venstre var det største partiet i Noreg fram til 1918. Etter kvart mista det mange veljarar, og ein kort periode var dei ikkje med på Stortinget.

Ungdomsorganisasjonen til Venstre blei til i 1909. Dei heiter Unge Venstre.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge