Foto
Veldig mange arbeidsplassar i Noreg er på kontor.
Kontorplass
Av /NTB.

Arbeidsplass er ein stad der ein jobbar.

Det finst mange typar arbeidsplassar. Til dømes:

Dei som jobbar på ein arbeidsplass, blir kalla arbeidstakarar eller tilsette. Den som driv ein arbeidsplass, blir kalla arbeidsgivar. Alle arbeidsgivarar skal sikre at dei som jobbar der har det bra på jobben. Mange av reglane for korleis det skal vere på arbeidsplassen, står i arbeidsmiljølova.

Arbeidsplassar skal òg ha rutinar for å passe på tryggleiken og helsa til dei som jobbar der. Dette blir kalla HMS-reglar. HMS står for helse, miljø og sikkerheit.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jon Gisle