Faktaboks

Tonga
Hovudstad
Nuku’alofa
Innbyggjartal
106 900
Storleik
720 km²
Statsform
monarki
Statsoverhovud
kong Tupou 6
Språk
tongansk, engelsk
Nasjonaldag
4. juni
Valuta
tongansk paanga
Flagg
plassering av Tonga på jordkloden. Kart

Tonga (mørkegrønt) ligg i Oseania (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Tonga er eit land som består av øyar. Det ligg i verdsdelen Oseania og hovudstaden hetier Nuku’alofa. Tonga ligg i Stillehavet, aust for Fiji og nordaust for Australia.

Navnet Tonga betyr den heilage øya.

Natur og klima

Plassering av Tonga med naboland rundt, kart.
Tonga og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Landet består av 169 øyar. Dei fleste øyane er atollar og fire av dei er aktive vulkanar. Det har vore fleire vulkanutbrot og tsunamiar i havet rundt Tonga, som fleire gongar har skada og øydelagt bygningar i landet.

Det høgaste punktet er på øya Kao og er 1030 meter over havet. Like ved Tonga er det tredje største havdjupet i verda, Tongagropa, som er 10 882 meter djup.

Tonga har tropisk havklima. På øyane i nord, som ligg nærmast ekvator, er temperaturen i gjennomsnitt 27 grader. I nord kjem det også mest regn, nesten dobbelt så mykje som på øyane i sør. Det regnar mest frå januar til april.

Fruktflaggermus er det einaste opprinnelege pattedyret på land. Det finst mykje sjøfugl, mellom anna tropikkfuglar og fregattfuglar. På og ved korallreva lever mange blautdyr, koralldyr og fisk.

Folk og kultur

Utsikt over en flat fjelltopp med et krater av gråsvart lava. I krateret er det en dam av turkist vann. I bakgrunnen, hav og en øy med noen få trær.
I løpet av 2014 og 2015 fekk Tonga ei heilt ny øy. Ein vulkan, som før var under vatn, hadde utbrot og laga ei ny øy. Øya blir kalla Hunga Tonga-Hunga Ha'apai, og den høgaste toppen er 149 moh.
Foto
Av /flickr.
Lisens: CC BY NC 2.0

Det bur folk på 36 av 169 øyar. Nesten alle som bur i Tonga er polynesiske tonganara. Meir enn 70 prosent bur på øya Tongatapu der hovudstaden ligg.

Engelsk og tongansk er offisielle språk. Nesten alle har ei form for kristendom som religion.

Barn må gå på skule frå dei er 5 til 14 år. Skulen er gratis. Mange skular blir drivne av kyrkjer. Ein kan ta høgare utdanning i Tonga.

Veving av matter, treskjering og bygging av kano er vanleg kunsthandverk.

Rugby er nasjonalsport.

Politikk og økonomi

Portrett av ei kvinne med krone, halssmykke og ei kappe med pels over skuldrene. Svarthvitt foto
Dronning Salote som styrte Tonga frå 1918 til 1965 var svært populær. Frå 1905 til 1970 hadde Tonga ein avtale om å bli verna av Storbritannia. Dei heldt likevel fram med å ha eigen konge eller dronning.
Foto av dronning Salote av Tonga
Av .

Kongen i Tonga er både statsoverhovud og øvste sjef for militæret. Kvart tredje år er det val til parlamentet, som heiter Fale Alea.

Tonga er medlem av mellom anna FN og Samveldet av nasjonar.

Alle område til jordbruk er eigde av kongen, og blir drivne av familiar han har valt ut. Dei dyrkar mellom anna kokosnøtter, vanilje, vassmelonar og gresskar. Dei viktigaste husdyra er storfe, gris og høns.

Tonga får økonomisk hjelp frå mellom anna New Zealand, Australia, Kina og land i EU. Mange folk frå Tonga bur i New Zealand, Australia og USA. Landet tener pengar på at tonganarar som bur i andre land sender pengar heim.

Landet nyttar bølgjeenergi og solenergi så dei kan kjøpe mindre energi frå andre land.

Historie

Det har budd menneske i Tonga frå omtrent år 1000 før tidsrekninga vår. På 1200-talet leia den tonganske herskaren eit område som strekte seg heilt til Hawaii (som i dag er ein del av USA).

Europeiske oppdagingsreisande frå Nederland og Storbritannia kom til øyane på 1600- og 1700-talet.

Tonga blei heilt sjølvstendig i 1970.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør