Faktaboks

Nederland
Hovudstad
Amsterdam
Innbyggjartal
17,6 millioner
Storleik
33 670 km²
Statsform
monarki
Statsoverhovud
kong Willem-Alexander
Språk
nederlandsk og frisisk
Nasjonaldag
27. april
Valuta
euro
Flagg
plassering av Nederland på jordkloden. Kart
Nederland (mørkegrønt) ligger i Europa (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Nederland er eit land som ligg vest i Europa. Landet grenser til Belgia og Tyskland. Hovudstaden heiter Amsterdam.

Natur og klima

Plassering av Nederland med naboland rundt, kart.
Nederland og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Nederland er flatt og ligg lågt mot Nordsjøen. Vaalserberg er det høgaste punktet i landet, 323 meter over havet.

Landet har også store område som ligg lågare enn havet. Nederlendarane skapte desse områda ved hjelp av vindmøller og dike. Eit dike er ein jordhaug som vernar lågt land mot havet.

Områda under havnivå er heim for kanin, rev, mår og mange ulike fugleartar. Jorden der passar godt til jordbruk. Nederland er spesielt kjend for å dyrke mange fargerike tulipanar.

Somrane i Nederland er ganske kjølige og vintrane ganske milde.

Folk og kultur

I Nederland bur menneska tett på liten plass. Mange av innbyggarane bur i dei vestlege byane Amsterdam, Rotterdam, Utrecht og Haag.

Dei største folkegruppene ved sida av nederlendarar, er folk frå tidlegare koloniar som Indonesia, Surinam, Aruba, Curaçao og Sint Maarten. Det har også komme folk frå Tyrkia og Marokko.

Alle barn må gå på skule frå dei er 5 år til 18 år. Rundt 65 prosent av elevane går på private skular drive av ulike trussamfunn.

Dei kjende målarane Rembrandt van Rijn og Vincent van Gogh kjem frå Nederland.

Nederland er også kjend for folkedans med tresko, ostar som gouda og edamer og mange indonesiske restaurantar.

Politikk og økonomi

Nederland er eit monarki med konge som statsoverhovud. Kongefamilien og regjeringa held til i Haag.

Den internasjonale domstolen ligg også i Haag. Derfor blir Haag ofte omtalt som 'rettshovudstaden i verda'.

Nederland er medlem av EU, NATO og FN. Landet er også med i Benelux-unionen, som er eit økonomisk samarbeid mellom landa Belgia, Nederland og Luxembourg.

Historie

Nederland var eit sentrum for vitskap og kunst i Europa frå 1500-talet heilt til 1800-talet.

Fram til slutten av 1800-talet var Nederland ein god del større enn i dag. Landet bestod også av delar av Belgia. Spania og Austerrike herska over delar av Nederland fram til 1579. Nederland vart då ein sjølvstendig republikk. Det varte fram til 1815. Etter napoleonskrigene vart Nederland eit monarki.

Frå 1600-talet tok Nederland kontroll over handelen i Indonesia. I 1816 vart landet kolonisert av Nederland. Dei kontrollerte kva som skulle dyrkast på øyene og solgte det til andre land. Indonesia vart ein sjølvstendig stat i 1949.

Dei tidlegare koloniane Aruba, Curaçao og Sint Marteen er framleis ein del av Nederland.

Nederland var okkupert av Tyskland under andre verdskrig. Nederland var med å starte både NATO, FN og EU etter krigen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør