Faktaboks

Sverige
Hovudstad
Stockholm
Innbyggjartal
10,5 millioner
Storleik
407 284 km²
Statsform
monarki
Statsoverhovud
kong Carl 16. Gustaf
Språk
svensk
Nasjonaldag
6. juni
Valuta
svensk krone
Flagg
plassering av Sverige på jordkloden. Kart

Sverige (mørkegrønt) ligg i Europa (lysegrønt).

Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Sverige er eit land som ligg nord i Europa. Det grensar til Noreg og Finland. Hovudstaden er Stockholm.

Natur og klima

Plassering av Sverige med naboland rundt, kart.
Sverige og naboland
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Nestan ti prosent av Sverige består av innsjøar og elver. Den største innsjøen er Vänern, som er 5450 km². Over halvparten av landet er dekt av barskog med gran og furu. Det høgaste fjellet er Kebnekaise, som er 2106 meter høgt.

Dyrelivet er ganske likt det som finst i Noreg, men det lever fleire rovdyr, som bjørn, ulv, jerv og gaupe, der. Heilt sør i landet finst det dyr som ikkje lever vilt i Noreg, for eksempel moldvarp, kanin, hasselmus og dåhjort.

Klimaet er ulikt i dei ulike delane av landet. I nord er vintrane kalde med mykje snø. Somrane kan vere varme. Sør i Sverige er klimaet mildare heile året.

Folk og kultur

En dåhjort med store horn står på snø med mørk skog i bakgrunnen. Foto
Dåhjorten er et vanlig dyr i Sverige. Den trives best i åpent terreng i nærheten av skog.
Foto av dådyr.
Av /Shutterstock.

Sverige er det landet i Norden der det bor flest menneske. Dei fleste bur i byar og tettstader. Det bur nesten 2,4 millionar menneske i og rundt Stockholm. Nord i landet bur det derimot ganske få.

Sverige har høg levestandard, og dei fleste lever lenge. Landet har eit av dei beste systema for velferd i verda.

Alle barn har rett til å gå på skulen frå dei er 6 til 15 år gamle. Dei aller fleste held fram på vidaregåande skule.

Forfattaren Astrid Lindgren og aktivisten Greta Thunberg kjem frå Sverige. Den svenske oppfinnaren Alfred Nobel fann opp dynamitt. Han stifta også dei kjende Nobelprisene med nokre av pengane han tente.

Politikk og økonomi

Mange voksne og barn holder hender i en ring rundt en maistang dekket med blomster. Foto
Midtsommeraften er en viktig feiring i Sverige. Festen er alltid på en fredag mellom 20. og 26. juni. Venner og familie samles for å spise god mat og danse rundt maistangen.
/Shutterstock.

Sverige er eit monarki og har konge som statsoverhovud. Kongen har inga politisk makt. Det er Riksdagen som bestemmer i landet, det er det same som Stortinget i Noreg.

Sverige er medlem av FN. Landet har vore medlem av EU sidan 1995. Sverige vart medlem av NATO i 2024.

Sverige tener mykje pengar på industri og på å selge varer og tenester til utlandet. Ikea og Volvo er kjende merke som kjem frå Sverige.

Historie

Frå midten av 1200-talet vart Sverige samla til eitt rike.

Sverige var med i Kalmarunionen saman med Noreg og Danmark frå 1397 til 1521. I 1523 vart Sverige eit eige land og Gustav Vasa vart vald til konge.

Sverige og Noreg var i union frå 1814 til 1905. Det har vore mange krigar mellom Noreg og Sverige, men ingen etter 1814.

Under andre verdskrigen valde ikkje Sverige side, dei ville vere nøytrale. Dei hjelpte likevel til med å sende mat og hjelpe dei som sat i tysk fangenskap. Dei tok også i mot flyktningar frå Noreg og Danmark.

Sverige og Noreg 

Sverige og Noreg har alltid samarbeidd mykje. Landa kjøper og sel mange varer til kvarandre.

'Svenskehandel' er når dei som bur i Noreg dreg til Sverige for å kjøpe mat, godteri og alkohol fordi det er billigare i Sverige.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør