Foto

Gran er ofte det eineste treslaget i blåbærgranskog, som er den vanlegaste granskogtypen i Noreg.

Blåbærgranskog
Lisens: CC BY SA 3.0

Barskog er skog med tre som har nålar i staden for blad, for eksempel gran eller furu. Barskog er mest vanleg på den nordlege halvdelen av jorda.

Barskog i Noreg

Litt meir enn halvparten av skogane i Noreg er barskogar. Dei består av anten granskog eller furuskog. Barskogen veks i område der det er kjølig om sommaren og kaldt om vinteren.

Granskog

Kart

Kartet viser den boreale barskogen i mørk grøn farge.

Av /Store norske leksikon ※.

Granskog er skogar der det er mest gran. Granskogar er fuktige og har mykje næring i jorda. I granskogen kan det vekse fleire andre typar plantar, som blåbær, bregnar, urter og mosar.

Daude grantre som ligg på bakken er viktig mat for mange insekt, soppar og lav.

Furuskog

Furuskog er skogar der det er mest furu. Furu treng ikkje like mykje næring og fukt som gran. I furuskogen kan det vekse andre typar plantar som lav, blokkebær, tyttebær og mose.

Daude furutre inneheld mange stoff som bakteriar ikkje liker. Derfor kan daude furutre bli ståande i mange hundre år på tørre stader.

Den lettaste måten å sjå skilnad på gran og furu, er å sjå kor mange nåler som veks ut frå same punkt på greina til treet. Hos grana veks nålene éin og éin, medan på furuene veks to og to nåler saman.

Barskog i verda

Boreal barskog er den store barskogen som veks gjennom heile Russland, Sverige, Finland, Noreg og heilt til Alaska (USA) og Canada. Barskogen er det største samanhengande området i verda med skog. Det er også den typen skog som lagrar mest karbon i verda.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Lars Sandved Dalen
Dr. scient., NIBIO – Norsk institutt for bioøkonomi