Ulike skålar fylt med godteri, mellom anna sukkertøy og chips.
Både søte og salte ting som er laga for å smake godt blir kalla godteri. Ofte blir dei salte tinga òg kalla snacks.
Foto av ulikt godteri og snacks
Av /Shutterstock.

Godteri er smågodt, sjokolade og liknande. Snacks som for eksempel potetgull kan òg reknast som godteri. Sidan det er laga for at det skal smake godt, blir det kalla godteri.

Smågodt

Smågodt har ulike smakar og fargar. Det har òg ulik konsistens. Det vil seie at det kan vere geléaktig, hardt eller mjukt, søtt eller salt.

Laurdagsgodt

Påskeegg
Påskeegg er tradisjon i mange familiar.
Av /Aktiv i Oslo.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

I Noreg er det ganske vanleg å ete godteri på laurdagar, då blir det kalla laurdagsgodt.

I Sverige på 1950-talet fann forskarar ut at ein fekk hol i tennene viss ein åt mykje sukker. I 1957 tilrådde derfor dei som gav helseråd i Sverige at barn berre burde ete godteri på laurdagar. På svensk heiter godteri godis. Det nye ordet blei derfor lördagsgodis. Dei som gav råd om helse i Noreg var einige i rådet frå Sverige. Etter eit par år byrja ein å snakke om laurdagsgodt Noreg òg.

Det er òg vanleg å ete godteri:

  • i bursdagar, der barn ofte får godtepose
  • kino, der ein ofte kjøper popcorn eller smågodt
  • på halloween, når ein kler seg ut og går knask eller knep
  • på juletrefest, når julenissen deler ut godtepose
  • i påska, der mange får påskeegg fylt med smågodt
  • i jula, der mange et mykje kaker og sjokolade

Helse

Det er ikkje sunt å ete for mykje godteri. Det smaker godt, men kan innehalde mykje sukker eller feitt. Sukker kan gi hol i tennene.

Historie

Mennesker har alltid vore glade i søte ting og godteri:

  • For over 3000 år sidan dyppa ein frukt og nøtter i søt honning
  • På 1600-talet byrja ein å lage drops og sukkertøy
  • På 1800-talet fekk ein den første sjokoladeplata

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Steffensen