Adam er fremstilt som en ung, naken mann. Han hviler tungt på jorden, med blikket og den venstre armen vendt mot Gud. Gud selv kommer flyvende i luften omgitt av en blafrende rød kappe og mange nakne personer.

I kristendommen trur ein at det berre finst éin gud. På biletet er det Gud som skaper Adam, det første mennesket.

Maleri av Gud og Adam.
Av /KF-arkiv.

Ein gud er eit overnaturleg vesen som blir oppfatta som ein person eller har personlege eigenskaper.

De fleste religionar og kjende kulturar har gudar. Nokre religionar har berre ein gud, andre har fleire gudar.

Berre ein gud

Hvit marmorstatue av en mann som ligger delvis inne i et teppe. Han holder et overflødighetshorn, som er et horn fylt av mat og frukt.
Den greske guden Zevs, kongen over alle dei greske gudane.
Fotografi av statue.
Av /Shutterstock.

Dei religionane som berre har ein gud, blir kalla monoteistiske.

  • Kristendommens Gud: Kristendommen lærer at det finst ein allmektig gud og at han kan vise seg som Gud, Jesus og Den heilage ande. Læra om at Gud er ein og at Gud samtidig er tre er sentral i den kristne trua.
  • Jødedommens Gud: Jødedommen lærer at det berre finst ein allmektig Gud. Det viktigste for jøder er troen på at Gud er ein. Det betyr at han ikkje kan ha ein son.
  • Islams Gud (Allah): Islam lærer også at det berre er ein allmektig Gud. Allah er Gud på arabisk.

Fleire gudar

Bildet viser en figur med fire armer. Kroppen er blå, og figuren er kledt i rødt og gul med mange smykker i gull. Hver av hendene holder en gjenstand: en rød lotusblomst, et spyd i gull, et skjell, en gullsirkel.

I hinduismen trur ein på mange ulike gudar. Vishnu er ein av dei.

Maleri av guden Vishnu.
Av .

Dei religionane som har mange gudar, blir kalla polyteistiske.

  • Hinduistiske gudar: Hinduismen er polyteistisk. Det er mange gudar og stor skilnad på korleis ulike retningar ser på gudane. Mange hinduar har eit spesielt nært forhold til éin gud eller éi gudinne, men dei andre gudane er også viktige. Shiva, Vishnu, Rama, Krishna og Devi er blant dei viktigaste gudane i hinduismen.
  • Etniske religionar: Dei gamle, etniske religionane som er best kjende er den greske, den romerske, den egyptiske og den norrøne. Alle desse religionane har mange gudar og er polyteistiske. Gudane kan vere både gode og vonde. Dei styrer over kvar sine område.

Gud som ein kraft

Ein del religionar tenker på det guddommelige som ei kraft i naturen eller verden. Desse blir kalla panteistiske.

  • Etniske religionar: Mange etniske naturreligionar lærer at det guddommelege er ei kraft som er til stades i naturen og menneska. Eit eksempel på ein etnisk religion er den samiske religionen.
  • Hinduisme: I hinduismen finnes en forestilling om at menneskets sjel eller indre (atman) er en del av selve universet (brahman).
  • I Buddhismen er det ikke gudar på same måte som i mange andre religionar. Men noen retninger åpner for at det finnes noe guddommelig over alt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker