Faktaboks

Adolf Hitler
Fødd
20. april 1889, Braunau, Østerrike
Død
30. april 1945, Berlin, Tyskland
Svart/hvitt foto
Av /KF-arkiv ※.

Adolf Hitler var ein tysk nazist og diktator. Han var Tysklands leiar frå 1933 til 1945.

Hitler og nazi-partiet hans starta andre verdskrigen. Dei stod bak folkemord på europeiske jødar og folkegruppa som på den tida blei kalla sigøynarar.

Bakgrunn

Hitler blei fødd i Austerrike. Då han var ung, ville han bli kunstnar. Han søkte på kunstskule i hovudstaden Wien, men kom ikkje inn.

På starten av 1900-talet var jødehat vanleg i Wien. Borgarmeisteren i byen var anti-jødisk. Forskarar trur Hitler blei påverka av jødehatet og politikken til borgarmeisteren i byen.

I 1913 flytta Hitler til Tyskland.

Politisk aktiv

første verdskrigen braut ut i 1914, blei Hitler med i den tyske hæren. Han blei skuffa då Tyskland tapte krigen. Han meinte det var tyske jødar og kommunistar som hadde øydelagt for landet.

Etter krigen blei han medlem i eit nazistisk parti som fekk namnet Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet, som blir forkorta til NSDAP. I 1921 blei han leiar for partiet. Partiet brukte hakekors som symbol og helsa med oppstrokken arm.

I 1923 gjorde Hitler eit mislykka forsøk på statskupp. Som straff var han nesten eitt år i fengsel. Der skreiv han boka Mein kampf (mi kamp), som handlar om korleis han ville forandre Tyskland. Hitlers ønske var ein mektig nasjon der dei kvite hadde all makta i samfunnet. Boka blei populær blant nazistar.

Leiar

Då han kom ut frå fengsel, heldt Hitler fram med politikk. Det var mykje fattigdom og arbeidsløyse i Tyskland på denne tida. Hitler var god til å halde tale, og i talane lova han ei betre framtid for tyskarane. Hitlers parti blei veldig populært.

I 1933 kom nazi-partiet til makta. Hitler blei leiar av Tyskland og styrte det som eit diktatur.

Andre verdskrigen

Etter tapet i første verdskrigen hadde ikkje Tyskland lov til å ha noko sterkt forsvar, men Hitler bygget det opp igjen. I 1936 gjorde han avtalar med Italia og Japan om at landa skulle støtte kvarandre militært.

Hitler ville at Tyskland skulle ble eit større rike. I 1938 gjekk Hitlers styrkar inn i Austerrike. I 1939 tok dei Polen. Då erklærte Frankrike og Storbritannia krig mot Tyskland. Dette blir rekna som starten på andre verdskrigen.

Folkemord

Hitlers politikk fekk forferdelege konsekvensar for mange grupper i samfunnet. I 1935 bestemde Hitler at jødar ikkje fekk vere statsborgarar i Tyskland.

I løpet av andre verdskrigen arresterte nazistane jødar, sigøynarar, homofile og folk som var usamde i politikken deira. Dei blei sende til leire der dei blei tvinga til å jobbe, eller til konsentrasjonsleire kor veldig mange blei drepne. Nesten 6 millionar jødar døydde under andre verdskrigen på grunn av Hitlers politikk. Forfølging og drap på jødar, som nazistane gjorde under andre verdskrigen, blir kalla Holocaust, og var eit folkemord.

Sjølvmord

I 1944 var Tyskland på veg til å tape krigen, men Hitler nekta å overgi seg. Han gøymde seg i ein bunker i Berlin, og tok livet av seg 30. april 1945.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eirik Brazier
Førsteamanuensis i historie, Universitetet i Sørøst-Norge