Regnbogeflagget

Flagg med regnboge-fargar er eit symbol på homofil og skeiv stoltheit.

Homofil er ein person som blir forelska i eller har lyst til å ha sex med personar med same kjønn som seg sjølv. Homofili er ei seksuell orientering og noko ein blir fødd som. For somme er det å vere homofil ein viktig del av identiteten.

Ordet homofil blir brukt om både kvinner og menn. Ordet blir oftast brukt om menn som blir tiltrekte av andre menn. Mange kvinner som er tiltrekte av kvinner brukar heller ordet lesbisk. Nokre homofile bruker også ordet skeiv for å beskrive seg sjølv. Menneske som blir tiltrekte av fleire kjønn kallar seg ofte bifile eller panfile.

Å vere tiltrekt av motsett kjønn kalles heterofili. Omtrent 93 prosent av vaksne i Noreg seier at dei er heterofile, resten har ei anna seksuell orientering.

I Noreg har homofile like rettar som heterofile. Det er ulovleg å diskriminere nokon på grunn av seksuell orientering. I andre land er det vanskeleg eller farleg å vere homofil. Det er ulovleg å vere homofil i meir enn 60 land.

Kamp for like rettar i Noreg

To unge menn held rundt kvarandre, den eine kyssar den andre på kinnet.

Eit homofilt par under pride.

Foto
Av /Scanpix.

Det vanlegaste i samfunnet er at par består av ein mann og ei kvinne. Dei heiter heterofile par. Mange lover og reglar var laga slik at dei berre passa for heterofile. Frå mellomalderen og fram til 1972 var det ulovleg for menn å ha sex med andre menn i Noreg. Det har aldri vore ulovleg å vere lesbisk. Å vere homofil vart lenge rekna som ein psykisk sjukdom. Diagnosen vart fjerna i Noreg i 1977.

Sjølv etter at det vart lov å vere homofil, fekk ikkje homofile par lov til å gifte seg med det same. Dermed fekk dei heller ikke tilgang til nokre rettar som gifte par har. Mellom anna får gifte par arv etter kvarandre når den eine døyr. Frå 1993 til 2009 fekk homofile inngå eit slags ekteskap. Det vart kalla partnarskap. Då fekk dei arv etter kvarandre, men dei fekk ikkje lov til å adoptere barn saman. Dei fekk heller ikkje krav på hjelp å bli gravide (assistert befrukting).

Noreg vedtok ny ekteskapslov i 2008, og då fekk homofile par dei same rettane som heterofile.

I fleire religionar blir det rekna som ei synd å vere homofil. Tidlegare var dette synet vanleg også i Noreg. Det har teke lang tid for samfunnet å venne seg til tanken på fleire seksuelle orienteringar. I 2022 sa statsminister Jonas Gahr Støre offisielt unnskyld for at Noreg ikkje hadde godteke skeiv kjærleik. Framleis synest nokon det er vanskeleg å fortelje familie og vennar at dei er homofile.

Pride

Menneske i ein parade med flagg og ballongar med i regnbogens fargar. Regnbogen er eit symbol for skeiv stoltheit.

Kvart år blir det arrangert pride mange stadar i landet. Pride er ei feiring av skeiv kjærleik og mangfald.

Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Homofile har laga organisasjonar for å kjempe for like rettar. Den største er Foreningen FRI. Foreininga arrangerer pride-paraden for å feire skeiv kjærleik og mangfald. I Noreg vart pride arrangert for første gong i Oslo i 1974. No blir det arrangert pride også mange andre stadar i landet kvart år.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Reidar Schei Jessen
Forsker, Universitetet i Oslo