Faktaboks

funksjonsnedsetting

nedsett funksjonsevne, handicap

Birgit Skarstein i rullestolen sin
Om ein blir lam i beina, kan ein trenge rullestol for å kome seg ut. Ein som brukar rullestol, har ei synleg funksjonsnedsetting. Birgit Skarstein er ein norsk paraidrettsutøvar. Ho brukar rullestol til vanleg. Når ho konkurrerer, ror ho i båt eller køyrer ski.
Av /Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Funksjonsnedsetting er å ha ein skade, mangel eller sjukdom som gjer at ein ikkje kan leve heilt som andre.

Det finst to typar funksjonsnedsetting:

  • Fysisk funksjonsnedsetting er når det er noko i kroppen eller sansane som er nedsett. Å vere blind, døv eller lam er nokre eksempel. Nokre fysiske funksjonsnedsettingar kan andre folk sjå, men ikkje alle.
  • Psykisk funksjonsnedsetting kjem av ein skade eller ei endring i hvordan hjernen fungerer. Ein kan ikkje alltid sjå om ein person har ei psykisk funksjonsnedsetting.

Funksjonsnedsetting kan vere noko ein er fødd med, eller det kan ha skjedd på grunn av ein sjukdom eller skade.

Nokre funksjonsnedsettingar varer heile livet. Ein som manglar ein arm, har for eksempel ei varig funksjonsnedsetting.

Nokre funksjonsnedsettingar er midlertidige. Ein som har brekt armen, har ei funksjonsnedsetting som varer til armen er bra igjen.

Fysisk funksjonsnedsetting

Å vere blind, døv eller å ha problem med å røre seg er eksempel på fysisk funksjonsnedsetting. Personar med fysiske funksjonsnedsettingar kan synest at mange ting i kvardagen er vanskeleg.

Viss ein sit i rullestol, kan det for eksempel vere umogleg å kome seg inn i eit bygg der ein må bruke trapp. Det kan også vere vanskeleg å reise med buss eller annan offentleg transport.

Psykisk funksjonsnedsetting

Foto av jente med Downs syndrom

Det finst mange formar for psykisk funksjonsnedsetting. Dei fleste kan ein ikkje sjå utanpå personen det gjeld. Jenta på biletet har Downs syndrom, som er ei form for utviklingshemming. Menneske med Downs har ofte skrå auge og rundt andlet.

Foto av jente med Downs syndrom
Av /Shutterstock.

Psykiske funksjonsnedsettingar er ofte usynlege. Dei kjem av ein skade eller ei endring i hvordan hjernen fungerer. Slike funksjonsnedsettingar kan gjere at ein oppfører seg annleis enn andre eller treng hjelpemiddel for å leve normalt.

Eksempel på psykiske funksjonsnedsettingar er ADHD, autisme, dysleksi, utviklingshemming og psykiske sjukdommar.

Helpemiddel

Førarhund med eit stativ i staden for band, som har stoppa ved ein fotgjengarovergang.
Hundar kan vere gode hjelpemiddel for folk med mange ulike funksjonsnedsettingar.
Førarhundar er hundar som er spesielt trente til å hjelpe menneske med synshemming. Dei kan hjelpe til med å kome seg trygt rundt i trafikken. Hundar kan også vere trente til å seie frå viss mennesket blir sjukt eller treng hjelp. For ein del med psykisk sjukdom kan hunden gi trøyst og tryggleik.
Foto av førarhund
Av /Shutterstock.

Personar som har funksjonsnedsetting, kan få hjelpemiddel slik at kvardagen blir enklare og livet blir betre.

Hjelpemiddel kan for eksempel vere:

  • rullestol
  • krykker
  • protese, for eksempel ein kunstig arm
  • parkeringsplass nær inngangen eller med ekstra plass
  • førarhund
  • lydbøker
  • støttekontakt
  • medisinar, for eksempel mot ADHD

Inkludering

Mange med funksjonsnedsetting må bruke meir tid enn andre for å gjere vanlege ting. Dei må ofte planlegge livet sitt mykje meir enn folk utan funksjonsnedsettingar. Mange må ha hjelp av andre. Nokre lever med mykje smerter. Det kan òg vere ei belasting å få ein diagnose.

Viss ein ikkje kan gjere det same som andre, eller ein har ein diagnose, kan ein føle seg annleis. Det kan gjere at ein blir einsam. Alle menneske treng å bli inkluderte og sjå at nokon bryr seg.

Det er mange ting samfunnet kan gjere for å inkludere:

  • Samfunnet kan lage reglar for korleis vegar, fortau, hus og nettstader skal vere. Då kan ein sikre at det ikkje er unødvendig vanskeleg for ein med funksjonsnedsetting å bruke dei. Dette heiter universell utforming.
  • Samfunnet kan gi informasjon på fleire måtar, til dømes skrift, punktskrift, teiknspråk og lyd.
  • Samfunnet kan gi hjelpemiddel.

Det er ulovleg å diskriminere nokon fordi dei har funksjonsnedsetting.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bernhard Weidle
Førsteamanuensis, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet