Tegning av en kvinne som bruker venstre hånd til å støtte høyre albue. Høyre underarm er loddrett og hånden er åpen, i høyde med hodet hennes. Først vender hun høyre håndflate mot deg, deretter vrir hun den mot seg.

Teiknspråk er eit språk der ein brukar hendene til å lage ord.

Bildet syner teiknet for eit tre i norsk teiknspråk.

/Statped.
Fotografi av kvinne med cochlea-impantat

Eit cochlea-implantat blir operert inn i hovudet til den døve. Implantatet fangar opp lyd i ein mikrofon, og sender desse lydane vidare til hjernen.

Fotografi av kvinne med cochlea-impantat
Av /Shutterstock.

Ein person som er døv, høyrer svært dårleg eller kan ikkje høyre i det hele teke. Å vere døv eller å høyre dårleg heiter høyrselshemming.

Nokre er døve ved fødselen, og andre blir døve i løpet av livet.

I Noreg er det cirka 3000–4000 personar som er døve.

Årsaker

Det er mange årsaker til at ein person kan bli døv:

  • Gena frå foreldra. Gen er det som formar kroppen og gjev han sitt særpreg. Samansettinga av gena gjer at ein person blir som hen blir.
  • Infeksjonar hos mora medan ho er gravid.
  • Infeksjonar eller sjukdommar i hovudet eller i eit øyre. Hjernehinnebetennelse er eit eksempel på ein infeksjon som ein kan bli døv av.
  • Skadar i hovudet og hjernen.

Det er vanleg å høyre dårlegare når ein blir gamal.

Behandling og hjelpemiddel

Det finst mange ulike hjelpemiddel for døve. Kva behandlingar og hjelpemiddel som fungerer best, vil vere ulikt frå person til person.

Det har mykje å seie om personen har vore døv heile livet, eller om dei har blitt døve etter at dei har lært seg å snakke.

Ulike hjelpemiddel kan vere:

  • Høyreapparat passar for dei som kan høyre litt. Apparatet forsterkar lydar, slik at personen kan høyre dei. Høyreapparatet ligg ofte utanpå øyret.
  • Cochlea-implantat passar for dei som ikkje kan høyre noko med vanleg høyreapparat. Det blir operert inn i hovudet til personen. Implantatet fangar opp lyd i ein mikrofon, og sender desse lydane vidare til hjernen.
  • Teiknspråk er nyttig både for folk med og utan høyrsel. I teiknspråk brukar einn hendene til å lage formar og bevegelsar for å uttrykke seg. Det er viktig at familien og andre personar ein har kontakt med, lærer seg teiknspråk, slik at ein kan kommunisere med kvarandre.
  • Hjelp til å halde på talespråket. Denne typen behandling er veldig viktig for dei som har hatt høyrsel tidlegare. Talespråk er når ein brukar munnen og stemma til å snakke. Det krev trening å bruke stemma igjen når ein ikkje kan høyre seg sjølv.
  • Øve på å lese på lepper. Leppene og munnen formar seg ulikt alt etter kva ord ein person seier. Viss ein øver, kan ein forstå kva nokon seier berre ved å sjå på leppene deira.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo