Foto av person som les punktskrift i bok

Punktskrift er skrift ein kan lese med fingertuppane. Alfabetet er sett saman av bitte små prikkar som dannar bokstavar og ord.

Foto av person som les punktskrift i bok
Av /Shutterstock.

Ein person som er blind, ser svært dårleg eller kan ikkje sjå noko. Blinde personar har ei sterk synshemming. Å vere blind er ei funksjonsnedsetting.

Ein person som ser dårleg, men ikkje er blind, er svaksynt.

Ein kan vere fødd blind, eller ein kan bli blind i løpet av livet. Nokre sjukdommar i auget kan gjere at ein mistar store delar av synet eller blir heilt blind.

I Noreg er det cirka 1000 personar som er heilt blinde.

Norges Blindeforbund er ein organisasjon som jobbar for å hjelpe blinde med å få ein enklare og meir sjølvstendig kvardag.

Kjenneteikn

Blinde kan ikkje sjå verda rundt seg. Det gjer at mange ting i kvardagen blir vanskelege. Det er vanskeleg å flytte seg frå stad til stad og finne vegen. Det kan vere farleg å ikkje sjå hinder i vegen, trafikk eller for eksempel trapper.

Blinde kan ikkje lese tekst i papirbøker eller papiravisar, og dei kan ikkje sjå bilete og skilt for å få informasjon. I staden for å bruke auga til å lese, kan blinde menneske bruke fingrane til å lese punktskrift. Dei kan ikkje sjå bilar som kjem mot dei, men dei kan høyre dei. Dei kan også lytte til avisar, lydbøker eller musikk.

Hjelpemiddel

Foto av førarhund
Førarhundar er hundar som er spesielt trente til å hjelpe menneske med synshemming. Dei kan hjelpe til med å kome seg trygt rundt i trafikken. Hundane kan også vere trente til å seie frå viss mennesket blir sjukt eller treng hjelp.
Foto av førarhund
Av /Shutterstock.

Det finst fleire hjelpemiddel som kan gje blinde ein enklare og meir sjølvstendig kvardag. For eksempel:

  • Punktskrift er små punktar som stikk opp, så ein kan føle dei med fingrane. Prikkane dannar bokstavar og ord.
  • Det finst innstillingar og spesielle program på mobil, nettbrett og datamaskiner. Dei kan gje betre kontrast eller lese opp teksten.
  • Skjermlesar er eit program som gjer digitalt innhald klart til å bli lest opp eller lest med leselist. Leselist gjer om digital tekst til punktskrift.
  • Førarhundar er hundar som er trena opp til å hjelpe blinde personar. Ein førarhund kan for eksempel gjere det mykje enklare å gå ute i trafikken.
  • Kvit stokk kan gjere det lettare å finne vegen frå ein plass til ein anna. I tillegg er stokken ein måte å vise til andre folk at ein ser dårleg.
  • Eksempel på hjelpemiddel heime er vekt som snakkar, riktig lys eller lupe.
  • Lydbøker, lydaviser og podkast.

Kategoriar

Synshemming blir delt inn i ulike kategoriar frå 1 til 5, ut fra kor dårleg folk ser. Dei som har så redusert syn at dei reknast som blinde, er i kategori 3, 4 eller 5.

  • Personar i kategori 3 ser mykje mindre enn det som er vanleg. Desse personane kan sjå lys, og har bra nok syn til å kunne telle fingrar på éin meters avstand.
  • Personar i kategori 4 kan ikkje skille mellom ting rundt seg, men kan oppfatte lys.
  • Personar i kategori 5 er heilt blinde. Det betyr at dei verken kan oppfatte ting eller lys.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo