Storhjernen har to halvdelar. Storhjernen er inni hovudskallen og stoppar i nivå augehòlene. På undersida av storhjernen startar hjernestammen. Hjernestammen er ganske kort, og går over i ryggmergen.

Figuren syner sentralnervesystemet (hjernen og ryggmergen), sett framanfrå. Skjelettet er teikna inn litt gjennomsiktig. Hjernen er inni hovudskallen. Ryggmergen er også beskytta av knoklar, men stopper før slutten av ryggsøyla.

Hjernen og ryggmergen i hovudskallen og ryggsøyla
Av /Store norske leksikon.

Hjernen er eit organ i kroppen, som ligg inni hovudskallen. Den styrer alt som skjer i kroppen og gjer at ein kan tenkje. Hjernen styrer det menneska bestemmer seg for å gjere, som å snakke, gå eller ete. Den styrer òg dei tinga som skjer i kroppen, anten ein vil eller ikkje, og at ein pustar.

Hjernen og ryggmergen blir saman kalla sentralnervesystemet.

Beskriving

Mellomhjernen ligg midt i hjernen og er omgitt av storhjernen. Hjernestammen er delen rett under mellomhjernen, og held fram som ryggmergen. Veslehjernen ligg bak hjernestammen, under storhjernen. Lappane til storhjernen er kalle opp etter kvar i hovudskallen dei er. Pannelappen er framfor, isselappen øvst, bakhovudlappen bakarst, og tinninglappen på sida.

Den øvste figuren syner innsida av ein hjerne delt på langs. Hjernen er sett saman av storhjernen, mellomhjernen, veslehjernen og hjernestammen.

Den nedste figuren syner utsida av hjernen, sett frå sida. Storhjernen kan ein dele inn i pannelappen, isselappen, tinninglappen og bakhovudlappen.

Inndeling av hjernen
Av /Store norske leksikon.

Hjernen er sett saman av 100 milliardar nerveceller. Hos eit vakse menneske veg hjernen opp mot 1,5 kilo. Han er gråkvit i fargen og kjennest som gelé. Rundt hjernen ligg det fleire lag med hinner.

Hjernen består av:

  • storhjernen
  • mellomhjernen
  • veslehjernen
  • hjernestammen

Storhjernen tek opp det meste av plassen i hovudskallen. Storhjernen er delt inn i to halvdelar. Desse er igjen delte i fire delar som blir kalla lappar:

  • pannelappen
  • isselappen
  • tinninglappen
  • bakhodelappen

Hjernen tek imot beskjedar frå sansane

Sansene samlar informasjon frå verda rundt seg. Alle har fem sansar:

  • syn
  • hørsel
  • lukt
  • smak
  • følesans

Sansene er kopla til nervar. Etter at ein sans har fått informasjon, blir informasjonen send vidare til hjernen gjennom nervane. Så vil hjernen tolke informasjonen og velje kva han vil gjere. Til dømes kan ein sjå eller høyre at ein bil er på veg. Hjernen vil vurdere kor langt unna bilen er, og gi beskjed til kroppen om at han må flytte på seg.

Hjernen styrer kroppen

Nervesystemet sest framanfrå på ein mannleg kropp. Alle nervane til kroppen er kopla til ryggmergen gjennom nerverøtane. Sentralnervesystemet (storhjernen, hjernestammen, veslehjernen og ryggmergen) sest i tillegg separat ved sida av kroppen.

Hjernen og ryggmergen blir kalla sentralnervesystemet. Resten blir kalla det perifere nervesystemet. Nervane er kopla til ryggmergen gjennom nerverøtene. Hjernen og ryggmergen styrar kroppen. Nervane sørgjer for at meldinger frå kroppen blir send til hjernen (til dømes at ein ser målet på fotballbanen) og at meldingar blir sende frå hjernen ut til kroppen (til dømes at ein sparkar fotballen mot målet).

På teikninga ser ein dei største nervane til kroppen.

Det sentrale nervesystemet og det perifere nervesystemet
Av /Store norske leksikon.

Hjernen styrer kroppen ved å sende meldingar gjennom nervar og hormon.

Nervar finst i heile kroppen. Hjernen sender beskjed til musklane om at dei skal bevege seg eller slappe av. Dette gjeld til dømes musklane ein har i armar og bein. Hjernen styrer òg musklar som ein ikkje kan kontrollere med viljen. Dette gjeld til dømes hjartet.

Hjernen styrer mange viktige funksjonar. Døme på dette er det å puste og å sove.

Hjernen styrer språk og tankar

Hjernen vurderer og samanliknar informasjonen han får frå alle sansane. Det er nødvendig for å kunne tenkje, planleggje, hugse og snakke. Når hjernen driv med dette, skjer det mykje på ein gong. Det blir sende signal mellom mange delar av hjernen samtidig. Mennesket har ei større evne til dette enn andre dyr.

Sjukdommar i hjernen

Det er fleire sjukdommar som kan ramme hjernen. Nokre av dei vanlegaste er hjerneslag, demens og epilepsi.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo