Et klasserom med skolebarn, en lærer skriver på tavla og snakker.

Ein del med autisme blir slitne av mange inntrykk. Det kan vere slitsomt med bestemde lydar, lukter, merkelappar i klede, varme og kulde. Alle inntrykka kan gjere det vanskeleg å konsentrere seg i eit klasserom.

Fotografi av et klasserom med undervisning
Av /NTB.

Autisme er ein diagnose. Autisme kjem av at hjernen har utvikla seg annleis enn det som er vanleg. Personar med autisme ser verda på ein annan måte og kan oppføre seg annleis enn folk utan autisme.

Autisme er ikkje ein sjukdom, men ei funksjonsnedsetting. Det er ikkje lett å sjå på nokon om dei har autisme. Autisme er noko ein blir fødd med. Arv har mykje å si for om ein får det. Det er fleire gutar enn jenter som får diagnosen.

Autismespekter

Eit spekter inneheld ei samling eller oversikt over mange ting som liknar på kvarandre, men er litt forskjellige. Eit spekter av farge viser for eksempel alle dei ulike fargane. Autismespekteret er samlinga av alle ulike typar autisme.

Det er store forskjellar mellom folk som har autisme. Nokre med autisme treng mykje hjelp frå andre i kvardagen. Andre treng berre litt tilpassing for å leve gode liv.

Aspergers syndrom var før ein eigen diagnose som mange med autisme fekk. No heiter diagnosen autismespekter.

Kjenneteikn

Alle personar med autisme er ulike, men det finst nokre felles kjenneteikn som svært mange har:

  • Ein kan syns det er vanskeleg å vere saman med andre
  • Ein har få interesser, eller andre interesser enn dei andre rundt seg
  • Ein er ikkje så glad i å prøve nye ting eller å gjere ting på nye måtar
  • Ein kan fort bli stressa om det skjer mykje på ein gong
  • Ein kan bli overvelda av mange inntrykk

Sosiale utfordringar

I samfunnet er det mange sosiale reglar som dei fleste menneske lærer av seg sjølv. Sosiale reglar seier korleis ein skal oppføre seg saman med andre, og kva som er høfleg og ikkje. For folk med autisme er det ofte vanskeleg å forstå desse reglane. Det kan føre til at dei føler seg misforståtte.

Nokre med autisme likar best å vere åleine. Personar med autisme forstår ikkje alltid humor og eller hint på same måte som andre.

Interesser og vanar

Personar med autisme har ofte få interesser, men er veldig fokuserte på dei. Dei lærer seg ofte mykje om det dei er interesserte i.

Folk med autisme lever godt når dei har faste rutinar. Dei fleste trivst best i situasjonar der dei på førehand veit kva som kjem til å skje. Mange likar ikkje endringar eller overraskinger.

Språk

Det er ikkje alle med autisme som lærer seg å snakke. Nokre personar med autisme snakkar utan problem, nokre snakkar litt. Andre snakkar ikkje i det heile teke.

Forskjellar mellom kjøn

Fleire gutar enn jenter får diagnosen autisme. Mange jenter får diagnosen seinare i livet. Jenter ofte er betre enn gutar til å snakke med folk rundt seg og lære seg dei sosiale reglane. Det er ein grunn til at det kan ta lengre tid å finne ut at jenter har autisme.

Behandling

For å finne ut om ein person har autisme, må ein først gå til fastlegen. Fastlegen kan sende folk vidare til ein spesialist.

Det finst ingen medisin mot autisme, men det finst tiltak som kan gjere livet betre for den med autisme eller dei rundt.

Det kan hjelpe å fortelje personar rundt seg om korleis ein har det. Då blir det lettare for andre å forstå kva ein synest er vanskeleg, og det blir lettare å tilpasse ulike situasjonar. På skulen kan ein få hjelp av ein assistent eller spesialpedagog.

Mange med autisme har òg for eksempel ADHD, angst eller OCD.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bernhard Weidle
Førsteamanuensis, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet