Foto av mann i rullestol som er på tur med sønnen og hunden sin
Det er ulike typar rullestol etter kva dei skal brukast til og kven som skal bruke dei. Stolane ein brukar til å transportere seg fra stad til stad ute, har kraftige hjul og motor.
Foto av mann i rullestol som er på tur med sønnen og hunden sin
Av /NTB.

Rullestol er ein stol med hjul på. Det er eit hjelpemiddel som gjer det lettare å kome seg frå ein plass til ein annan utan å måtte bruke beina.

Rullestolar er viktige for folk med rørslehemming eller sjukdommar som gjer at dei ikkje kan gå eller blir slitne av å gå. Mange kan trenge rullestol på eit tidspunkt i livet, til dømes om ein brekk eit bein eller når ein blir gamal. Ulike typar funksjonsnedsettingar krev ulike typar stolar.

Det er mange typar rullestolar. Nokre har motor og er nyttige når ein skal kome seg fram ute. Andre veg lite og er lette å legge saman. Nokre rullestolar er til å kvile eller arbeide i. Ein kan også bruke rullestol når ein driv med trening eller idrett.

Typar

Rullestol

Rullestolar til sport har ofte annleis hjul og ekstra beskyttelse for beina.

Rullestol
Av /Shutterstock.

Rullestolar må alltid tilpassast til personen som skal bruke den. Det finst ulike typar rullestolar:

  • Transportrullestol kan ein legge saman slik at den får plass i bil eller liknande. Ein annan person må hjelpe til med å styre denne typen stol.
  • Manuell rullestol køyrer brukaren sjølv, ved hjelp av armane. Den har ofte store hjul bak og mindre hjul framme. Dei store hjula har ein ekstra ring på eitt eller begge hjula, og brukaren held i ringen for å lage fart, styre og bremse.
  • Elektrisk rullestol er ein rullestol med motor. Dei blir ofte brukt av personar med større funksjonsnedsetting. Dei kan bli tilpassa på veldig mange måtar slik at dei passar til brukaren.
  • Rullestol for sport har gjerne ei litt anna plassering av hjula. Dei har òg ekstra beskytting rundt beina.
  • Rullestolar for dusj og toalett er stolar som toler vatn.

Utfordringar

Jente i rullestol åpner dør med knapp
Universell utforming er viktig og nyttig for mange, og heilt nødvendig for mange i rullestol. Ein knapp til å åpne tunge dører med er ei form for universell utforming.
Jente i rullestol åpner dør med knapp
Av /NTB.

Menneske med rørslehemming har rett på å kome seg fram på lik linje med andre folk. Men det er ikkje alltid rettane deira er tekne på alvor. For menneske som brukar rullestol, er det viktig med universell utforming av bygnader. Ei trapp kan vere nok til at folk i rullestol ikkje kjem seg dit dei hadde tenkt. Smale dører, høge dørstokkar eller fortauskantar kan også skape problem.

Alle nye hus og omgivnader skal byggjast slik at dei tek omsyn til folk i rullestol.

Det er mellom anna viktig at:

  • det finst rampe eller heis i tillegg til trapp.
  • doar har plass til rullestolen, og handtak så ein kan løfte seg mellom rullestolen og doen.
  • plattformar til kollektivtransport er like høge som døra.
  • dører er enkle å åpne, for eksempel med ein knapp.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jeanette Koht
Cand. med., ph.d, Oslo universitetssykehus