Kar over verdenshav og verdensdeler
Kart over verda med sju verdsdeler og fem verdshav. Verdshavene er Nordishavet, Stillehavet, Atlanterhavet, Indiahavet og Sørishavet. Verdsdelane er Oseania, Nord-Amerika, Sør-Amerika, Afrika, Europa, Asia og Antarktis. Av og til slår ein saman Nord- og Sør-Amerika, til Amerika. Når Europa og Asia blir slått saman på same måte heiter den delen Eurasia.
Kar over verdenshav og verdensdeler
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Kart er eit bilete eller ei teikning av eit område, for eksempel land og byar.

Kart kan gje oversikt og nyttast til å planleggja korleis ein skal finne fram. Kart kan også vise korleis jordas overflate og landskapet er på ulike stader. Det finst mange ulike typar kart.

Eit bilete av verda

Foto av ei hand som held ein mobiltelefon med eit kart på. Kartet viser korleis ein person skal gå frå eit punkt til eit anna.

Kart-appar på mobilen bruker GPS for å vise den som bruker appen hvor hen er på eit kart.

GPS-kart på telefon
Av /Shutterstock.

Kart er eit bilete av eit område. Ein kan bruke kart til å sjå kvar verdsdelar, land, byar, hav og fjell ligg. Kart viser som regel bakken ovanfrå, som om ein ser jorda frå eit fly. Kartet viser kor langt frå kvarandre stader er.

Kart er laga med ein målestokk. Det betyr at kartet viser avstandane slik dei er, men forminska. Ein målestokk på 1:10 000 betyr at ein centimeter på kartet er ti tusen centimeter (100 meter) i den verkelege verda.

Eit kart kan også visa korleis overflata på jorda er. For eksempel kan eit kart vise om eit område er dekt av ørken, skog eller fjell. Kart kan også vise om det er mange eller få som bur i ein by.

Digitale kart er gode å bruke når ein skal finne fram. Ofte kan dei hjelpe til med å finne ut korleis ein kan komme frå éin stad til ein annan. Dei kan vise kor lang tid det tek på ulike måtar, for eksempel til fots eller med offentleg transport.

Ulike typar kart

Foto
Når ein skal finne fram på eit kart av papir er eit kompass er til god hjelp. Ein brukar kompasset til å finne ut kva vei kartet skal liggje. Det er vanleg å bruke kompass i orientering.
Kart og kompass
Av /Shutterstock.

Det finst mange ulike typar kart. Nokre kart viser for eksempel landegrenser og byar.

Ikkje alle kart viser stader på jorda. Det finst for eksempel stjernekart som viser korleis stjerner, planetar og galaksar er plasserte i verdsrommet.

Nokre vanlege typar kart er:

  • Vegkart viser vegar og gater. Digitale vegkart kan ofte hjelpe til med å finne vegen frå ein stad til ein annan. Dei er ofte nytta i bilar saman med GPS.
  • Topografiske kart viser terrenget, for eksempel kor høge fjell er, eller kvar elvar, skogar og innsjøar ligg. Topografiske kart blir nytta når ein går tur i skogen eller på fjellet.
  • Satellittkart er kart som viser bilete av jorda tatt av satellittar frå verdsrommet. Dei kan vise korleis landskapet på jorda ser ut frå verdsrommet.
  • Sjøkart viser ulike djupner i havet. I tillegg er det merkt av fyr, høgd under bruer, landemerke og andre ting som ein treng å vite for å navigere på sjøen.
  • Tematiske kart er kart som viser spesielle tema, som for eksempel befolking, klima eller fare for jordskjelv.
  • Historiske kart er kart som viser korleis ein stad såg ut i fortida. Dei kan ein bruke når ein skal finne ut korleis byar, landegrenser eller isbrear har endra seg over tid.
  • Fiktive kart er oppdikta kart. Eksempel på dette er kart som viser stader i Harry Potter si verd. Det kan også vere kart over oppdikta stader i andre romanar, spel eller filmar.

Historie

Kart fra 1500-tallet med fantasidyr

Del av kart over Nordsjøen fra 1572 med fantasidyr.

Kart fra 1500-tallet med fantasidyr
Av /Shutterstock.

Menneske har teikna kart i fleire tusen år. Dei første karta blei teikna rundt 300–100-tallet før vår tidsrekning. Då trykking blei vanleg i Europa frå 1450-åra, kunne ein lage kart i mange eksemplar. I løpet av renessansen blei teikning av kart eit fag og eit yrke.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Norvald Kjerstad
Dosent, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet