Ein mobiltelefon med kart på. Kartet viser korleis ein person skal gå frå eit punkt til eit anna.

Den vanlegaste måten å bruke GPS på er med ein kart-app på ein telefon

GPS-kart på telefon
Av /Shutterstock.

Navigasjon er å bruke kart og andre verktøy for å finne vegen frå ein stad til ein annan. Å navigere er også det å planlegge ei reise og gjennomføre ho. Det kan vere å finne vegen over hav, over land, gjennom lufta og i verdsrommet.

Å navigere

Navigasjon har fleire delar:

  1. Først må ein finne ut kvar ein er. Det er viktig at ein veit kvar ein er i forhold til målet. Stedet ein er på, blir kalla posisjonen. GPS er eit av datasystema som kan vise posisjonen. Har ein ikkje GPS på telefonen, må ein sjå på kart og landemerke rundt seg.
  2. Etterpå må ein finne ut kvar ein skal. For å få det til må ein planleggje ein måte å komme seg til målet på. Det heiter å leggje ein kurs. Det er ikkje alltid at den kortaste vegen er den beste. Nokre gonger kan strake vegen vere bratt, eller ha hindringar, til dømes skjer i sjøen. Då kan det løna seg å finne ei lengre, men lettare rute.
  3. Så må ein utføre reisa. Under reisa må ein kontrollere at ein er på rett veg. Er ein ikkje det, må ein leggje om kursen.

Verktøy

Foto
Radar er eit av verktøya ein bruker for å navigere store skip.
Radar på et moderne skip
Av /Shutterstock.

Det viktigaste med navigasjon er å finne ut kor ein er, og korleis ein kan komme seg dit ein vil. Eksempel på bruk av navigasjon kan vere å finne vegen frå huset sitt til ein butikk. Eller frå ein by til ein annan. Det kan også vere meir komplisert, som å finne vegen frå Jorda til ein romstasjon i verdsrommet.

Ein kan bruke kart og GPS, eller ein app på mobil når ein navigerer. Desse verktøya bruker informasjon frå satellittar i verdsrommet for å vise kvar ein er og korleis ein kan komme seg dit ein vil.

Andre verktøy ein kan bruke er kompass. Dette kan ein bruke til å finne ut kvar på kartet ein er og kor ein skal. Før kompasset var oppfunne, brukte ein retninga til sola, månen og stjernene for å navigere. Faste haldepunkt som bygningar og fjell kan ein også bruke for å finne vegen.

Historie

For folk på skip har navigasjon vore viktig i tusenvis av år. Før oppfinningar som kompass og satellittar brukte dei hovudsakleg stjernene om natta for å finne ut kva retning dei skulle i. Særleg Polarstjerna på den nordlige halvkula var viktig. På den sørlege halvkula der ein ikkje så Polstjerna var det vanleg å nytte stjernebiletet Sydkorset.

Dei kunne også bruke sola om dagen og sjå kvar på himmelen ho stod i forhold til horisonten for å bestemme retninga.

På 1400-talet vart kompasset utvikla. Oppdagarar som Kristoffer Columbus var blant dei første til å bruke kompass til å navigere over dei store verdshava.

På skip bruker ein satellittar for å vite nøyaktig kvar ein er. Radar blir og brukt i navigasjonen. I mange tilfelle skjer navigeringa ved hjelp av autopilot, som gjer alle utrekningane og styrer dit ein skal.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Norvald Kjerstad
Dosent, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet