Karakterark og terninger til det norske rollespelet Kvad. I dette spelet står sagaforteljingane sentralt, og eigenskapene på karakterarket attspeglar dette. Terningane her er spesielle for Kvad, men kjem i dei tradisjonelle variantane på 4, 6, 8, 10, 12 og 20 sider. I Kvad triller ein ulike terninger avhengig av kor god ein er i ein ferdigheit eller eigenskap.

Rollespel er ein type spel der dei som spelar, tek på seg roller. Saman fortel dei ei historie gjennom ein runde med spelet. Historia kan strekke seg over fleire rundar. Spelet har reglar, men treng ikkje å ha brett eller figurar.

Det første rollespelet var Dungeons & Dragons, som kom ut i 1974. Det var sett i ei fantasy-verd. No finst det mange typar rollespel, som går føre seg i ulike univers og til ulike tider.

Utstyr

For å spele, treng ein reglar, spelarar og oftast ein leiar som styrer spelet. I eit tradisjonelt rollespel sitt spelarane samla rundt eit bord. No er det også vanleg å spele rollespel over nettet.

Mange rollespel brukar terningar for å få inn eit element av slump. Nokre rollespel brukar brett og brikkar. I andre spel kan ein ha teikna kart og figurar, og nokre variantar treng ikkje utstyr i det heile. I ein eigen type rollespel kler spelarane seg ut som karakterane sine og spelar ut handlinga fysisk. Det heiter laiv.

Leiaren

Før spelet byrjar, førebur leiaren eit eventyr som spelarane skal gå gjennom. Hen har ansvar for alt som skjer og at spelarane kjem seg vidare i historia. Leiaren spelar alle folk og monster som spelarane møter på. Leiaren kan lage si eiga verd, kjøpe ferdige eventyr eller tilpasse noko andre har laga.

Karakterar

Kvar spelar skapar sin eigen karakter som dei skal vere i spelet. Karakterane har ulike eigenskapar, styrkar, svakheiter og bakgrunn skrivne ned på eit ark. Karakterane må ikkje vere menneske. Dei kan for eksempel vere alvar, vampyrar eller robotar.

Det er vanleg å spele fleire rundar med same karakter. Over tid kan karakterane bli sterkare og flinkare.

Spelets gang

Leiaren startar eventyret. Så fortel spelarane etter tur kva karakterane deira gjer. Dei kan for eksempel prøve å liste seg forbi ein fiende, angripe eller dirke opp ein lås. Så kastar spelarane ofte terning for å sjå om dei får det til. Andre spel kan bruke spelekort i staden.

I rollespel er det typisk at spelarane samarbeider. Målet er ikkje å vinne over kvarandre, men å fortelje ei historie saman. Dei skal nå eit mål som leiaren har sett, som å finne ein skatt eller redde verda.

Spelet tar fleire timar per økt. One-shots er kortare historier som blir spelte over ein eller to økter. Kampanjar er lange historier som blir fortald over fleire økter. Nokre kampanjar kan vare i fleire år. Når ei økt er ferdig, kan leiaren gje spelarane poeng (XP), utstyr eller spelepengar som påskjønning.

Rollespel og andre spel

Rollespel kan ha mykje til felles med spel med miniatyrar og brettspel. World of Warcraft er ein type datarollespel.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • brettspel
  • dataspel

Faktasjekk av

Kristian A. Bjørkelo
Universitetslektor, Universitetet i Bergen