Faktaboks

GPS

forkorting for engelsk Global Positioning System, globalt posisjoneringssystem

Ein satellitt i verdsrommet, med skjolda vend mot Jorda. Skjolda reflekterer signal frå Jorda, slik at utstyr med GPS kan finne nøyaktig posisjon.

Satellittar er ein viktig del av GPS-systemet. Mobiltelefonar og andre GPS-einingar på Jorda kan finne nøyaktig posisjon ved å kople seg til fleire satellittar.

En de europeiske Galileo-satellittene
Av /ESA.

GPS er eit system som blir brukt til å finne ut kvar ein er på Jorda.

Ei GPS-eining er ein liten datamaskin, for eksempel ein mobiltelefon, som tek imot signal frå satellittar. På bakgrunn av signala reknar GPS-eininga ut kvar ho er.

GPS er eit system av små satellittar som går i bane rundt Jorda. Desse satellittane sender signal til GPS-einingar på Jorda. Når GPS-eininga får signalet, kan ho rekne ut kva posisjonen er. Jo fleire signal GPS-eininga kan få, di meir nøyaktig klarer ho å rekne ut posisjonen.

Bruk av GPS

Foto av ei hand som held ein mobiltelefon med eit kart på. Kartet viser korleis ein person skal gå frå eit punkt til eit anna.

Den vanlegaste måten å bruke GPS på er med ein kart-app på ein telefon

GPS-kart på telefon
Av /Shutterstock.

Det er mange måtar å bruke GPS på. Ein av dei vanlegaste er for å finne fram, med bil, sykkel, eller til fots. GPS-en finn ut kvar ein er, og så kan eit kartprogram rekne ut kva som er den raskaste vegen.

GPS blir òg brukt i aktivitetar utandørs, for eksempel jakt og å gå turar. GPS kan då brukast i staden for eller i tillegg til kart og kompass.

Her er nokre eksempel på kva ein kan bruke GPS til:

Sporing

GPS kan brukast til å spore bilar, og andre transportmiddel for å finne ut kvar dei er og har vore. Det kan ein for eksempel bruke til å finne igjen stolne køyretøy. I bussar kan GPS brukast til å rekne ut fart og reisetid, for å varsle om bussen er i rute.

Ein kan òg spore kjæledyr for å finne dei om dei skulle bli borte. Ville dyr kan sporast for å lære om kvar dei beveger seg.

Mange datamaskiner og mobiltelefonar har innebygd GPS, slik at ein kan spore dei dersom dei blir borte.

GPS blir òg brukt i aktivitetar som løping, sykling, golf og å gå tur. Då kan ein registrere avstandar, ruter, kor lang tid ein brukar og kor fort det går.

Styring

I landbruk kan GPS for eksempel brukast for å styre traktorar og anna utstyr automatisk. Det er nyttig for å måle opp jorde, planleggje avlingar og finne igjen dyr som går fritt.

På havet blir GPS brukt av mannskap i båtar og på skip. Det er nyttig for å navigere og vite kvar ein er på havet. Nokre skip har automatisk styring etter GPS. GPS blir òg brukt for å oppgje nøyaktig posisjon til andre skip og hamner.

I militæret blir GPS brukt til å styre fly, dronar, tanks og mykje anna utstyr. Det blir òg brukt til å navigere og å spore posisjonen til soldatar og utstyr.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Norvald Kjerstad
Dosent, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet