Foto

Edelkreps lever i ferskvatn nokre få stader på Austlandet, frå Østfold til Telemark. Den er meir vanleg i Sverige. Edelkreps er ein sterkt trua art og står på raudlista. Den største trusselen mot krepsen er krepsepest.

Foto
Av /Pxhere.
Lisens: Creative commons
blomster med stor gul bolle og røde kronblad, stengel med grønne blader

Marisko er ein orkidé som blømer frå forsommar til midtsommar. Blomen finst spreidd i austlege delar av Sør-Noreg og vidare frå Trøndelag til Finnmark. Marisko har vore freda sidan 2001, og reknast som ein sårbar art på raudlista.

Foto av marisko
Lisens: CC BY NC SA 3.0
elefant står halvveis i vann, gress rundt

Elefantar er ein trua art i land i Afrika og Asia. Den største trusselen er bygging av hus og vegar som øydelegg leveområda til elefantane. Ulovleg jakt er òg eit stort problem.

Foto av elefant
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Trua artar er artar som står i fare for å bli utrydda. Det betyr at det nesten ikkje er nok dyr, planter eller andre organismer igjen som kan forplante seg.

Den viktigaste årsaka til utrydding er at menneske byggjer i områda der artane lever. Det skjer til dømes når det blir bygd nye hus og hytter, vegar, hamnar eller stader for landbruk eller kraftproduksjon.

Andre grunnar til at artar er trua er klimaendringar, forureining eller at menneske plukkar eller jaktar for mykje på dei.

Artar som kan bli utrydda

Elefant, gepard og tiger er døme på artar som er i fare for å bli utrydda i verda fordi dei har blitt jakta for mykje på. Forskarar veit ikkje heilt kor mange dyr som finst att.

I Noreg er fjellrev, hubro og brugde døme på trua artar.

Raudliste

I Noreg blir det jamleg laga ei liste over artar som er trua. Lista heiter Norsk raudliste. På raudlista står det nesten 2800 artar, det er fuglar, pattedyr, planter, sopp, lav og insekt. Artane blir delt inn kategoriar etter kor trua dei er. Nokre reknast som sårbare artar, medan andre kan vere kritisk trua.

Mange andre land har òg slike raudlister. Det finst òg ei raudliste for alle trua artar i verda.

Tiltak for å redde trua artar

Myndigheitene har eit ansvar for å passe på trua planter og dyr. Det står mellom anna i ei lov som blir kalla naturmangfaldslova.

Eit tiltak for å bevare trua planter og dyr er å verne området dei lever i. Då får ikkje nokon byggje der. Noreg har for eksempel fleire nasjonalparkar der naturen er verna.

Eit anna eksempel på tiltak er at ein har lagt ut mat til fjellrev i nokre område for å sikre at det er nok mat til at dei kan få ungar. Oppdrett og utsetjing av unge dyr er noko anna ein kan gjere for å auke bestanden. Dette har hjelpt i nokre område.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • artar
  • klimaendringar
  • dyr
  • plantar
  • sopp

Faktasjekk av

Eli Knispel Rueness
Dr. scient., Universitetet i Oslo