Fjellrev med sommerpels.

Fjellrev er eit lite rovdyr som lever i fjellområder heilt nord på jordkloden og i Arktis. Vinterpelsen er veldig lang og tett for å tole den ekstreme kulda. Bestanden i Noreg er veldig liten og trua av utrydding.

Beskriving

Tegning av fjellrevspor
Fjellreven har poter med fire tær og små klør. Når man finner spor etter fjellrev, kan man se både poten med klørne. Poten måler 4-5 cm.
Tegning av fjellrevspor
Av /Artsdatabanken.
Lisens: CC BY SA 4.0

Fjellreven er mindre enn raudreven. Han har korte, avrunda øyre og kort snute. Fjellreven er 50-65 cm lang med ein hale som er 30 cm lang. Han veg vanlegvis 3-4 kilo.

Pelsen er heilt kvit om vinteren. På sommaren blir pelsen tynnare og brun på hovudet, ryggen og beina.

Levevis

Verdskart med utbreiing av fjellrev

Fjellreven finst i landa rundt Arktis. Områda er merka raudt på kartet.

Verdskart med utbreiing av fjellrev

Fjellreven lever i område med snø og is og låge temperaturar. Han lever i hòler som han grev ut i skråningar. Hòlene kan ha 50-100 inngangar og brukast av fleire generasjonar etter kvarandre. Dei største hòlene kan ha vore brukte i fleire tusen år. Inne i hòlene kan det vekse plantar som blir gjødsla av tiss og bæsj frå dyra.

Fjellreven er eit rovdyr som et mykje ulikt. I Noreg et fjellreven mykje lemen. Andre stader fjellreven lever kan han ete harar, fuglar, fisk og sel.

Fjellreven kan òg vandre langt. Forskarar har merka fjellrevar og funne ut at éin av revane gjekk nesten 4600 kilometer i løpet av fire månader.

Det er få fjellrevar som blir meir enn fem år gamle.

Formeiring

Fjellreven treng god tilgang på mat for å føde kvalpar. Viss det er lite lemen å få tak i for fjellrev i norske fjell, blir det ikkje fødd nokon kvalpar. Viss det er mykje lemen, kan fjellreven føde opp til 15 kvalpar.

Kvalpane fødast i mai eller juni og sluttar å få mjølk frå mora når dei er omtrent seks veker gamle. Dei forlèt mora når dei er tre månader gamle. Mangel på mat gjer at mange av dei døyr i løpet av vinteren.

Trua art

Det var mykje fjellrev i Noreg fram til omtrent 1900. Så blei det populært å jakte på fjellrev på grunn av høge prisar på pelsen. Difor sokk bestanden veldig mykje fram til dei blei freda i 1930. Det betyr at det ikkje er lov å drepe han. Sjølv om han er blitt freda, er det ikkje blitt fleire fjellrever.

Når det er lite lemen, har fjellreven for lite mat og det blir ikkje fødd nokon kvalpar. Difor blir det sett ut mat i område der fjellreven lever. Oppdrett og utsetjing av unge dyr er noko anna ein gjer for å auke bestanden. Dette har hjelpt i nokre område.

Klimaendringar kan føre til at nokre område blir varmare og har mindre snø. Då kan raudreven flytte inn i desse områda. Raudreven vil jakte på kvalpane til fjellreven og konkurrere om maten. Difor har det òg blitt jakta på raudrev i dei områda der det lever få fjellrevar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Kjetil Lysne Voje
Ph.d., Universitetet i Oslo