Brugde

Brugder lever av små krepsdyr. Brugder kan ikkje suge inn vatn og mat. Dei finn maten ved å svømme med open munn og sile ut dyra.

Brugde
Av /iStock.

Brugde er ei av dei største haiane i verda. Brugda lever av små krepsdyr, og er ikkje farlege for menneske. Det fins brugde i Noreg.

Beskriving

Brugde er den nest største fisken i verda. Dei kan bli over 13 meter lange. Berre kvalhaien blir større. Forskarar rekner med at brugder kan vege opp mot 20 tonn.

På oversida er brugda mørk grå. Undersida er kvit. På ryggen har brugda to finnar. Det er ein stor finne midt på ryggen, og ein liten finne lenger bak. Framme på sida har brugder lange gjeller. Dei ser ut som strekar som går nedover bak hovudet. Gjellene gjer at fiskane kan puste under vatn.

Brugda har munnen på undersida av snuten. Dette er vanleg hos haiar. Brugda har svært små tenner.

Levevis

Brugder lever av små krepsdyr. Brugder kan ikkje suge inn vatn og mat, slik som mange kvalar gjer. Dei finn maten ved å svømme med open munn og sile ut dyra.

Brugdene svømmer vanlegvis ute i havet og er ikkje nær kysten. Ein kan finne brugde både nord og sør i Atlanterhavet og Stillehavet. Det finst brugder i havet utanfor Noreg.

Forskarar antar at brugder blir fleire hundre år gamle, men det er framleis mykje ein ikkje veit om brugda.

Formeiring

Foto av brugde
Brugde sett frå lufta.
Av /NOAA Fisheries.

Når brugdene er mellom tre og fire år gamle kan dei formeire seg. Dei er då omlag sju meter lange. Brugder føder levande ungar. Dei nyfødde ungane er omlag halvannan meter lange.

Fiske og bruk

Tidlegare var det mykje brugde i Noreg. Brugdene inneheld fleire ting menneske kan bruke. Levera er svært stor og utgjør nesten ein firedel av vekta. Denne levera inneheld verdifull olje. Olja har mellom anna blitt brukt i sminke. I tillegg kan haifinnane brukast til matlaging. I Asia er haifinnesuppe ein kjent matrett.

Frå midten av 1700-talet blei det fanga mykje brugder i Noreg. Det vart fiska mest vest og nord for Noreg. Kysten ved Stad og Helgeland var gode stader å fange brugde. Fisket begynte om sommaren og vara til september.

På 1800-talet blei det mindre brugder å fange. Likevel vart det fanga brugder i Noreg heilt fram til starten av 2000-talet.

I dag er brugde på lista over sterkt trua artar. Det blir ikkje lenger fanga brugder i Noreg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Leif Asbjørn Vøllestad
Professor i biologi, Universitetet i Oslo