Regnbogeflagget

Flagg med regnboge-fargar er eit symbol på homofil og skeiv stoltheit.

Lesbiske er kvinner som er tiltrekte av andre kvinner. Lesbisk er ei seksuell orientering. Kvinner som forelskar seg i eller har sex med kvinner kan også kalle seg til dømes homofile, bifile eller skeive. For somme er det å vere lesbisk ein viktig del av identiteten.

Omtrent 93 prosent av vaksne i Noreg seier at dei er heterofile, medan resten har ei anna seksuell orientering.

Det vanlegaste i samfunnet er at par består av ein mann og ei kvinne. Dei heiter heterofile par. Mange lover og reglar var laga slik at dei berre passa for heterofile. Lesbiske og andre skeive har kjempa for å endre lovene. I Noreg har lesbiske par så å seie same rettar som heterofile par. I Noreg kan til dømes to kvinner gifte seg og få barn saman.

Andre stader i verda er det vanskeleg eller ulovleg å vere saman med ein av same kjønn. I til dømes Iran kan ein bli dømt til døden for å vere lesbisk.

Kamp for like rettar

To kvinner held rundt kvarandre og ein baby.

Frå 2009 har lesbiske kvinner fått gifte seg. Då får dei arv etter kvarandre og rett på hjelp å å bli gravide (assistert befrukting).

Av /Johner/NTB.

Sex mellom to menn var ulovleg i Noreg fram til 1972. Sex og kjærleik mellom kvinner har aldri vore ulovleg. Ein av grunnane er at mange trudde at kvinner ikkje hadde seksualitet. Å gjere lesbiske kvinner synlege og å anerkjenne problema dei opplever, er viktige kampsaker.

Sjølv om det alltid har vore lov å vere lesbisk, har ikkje lesbiske par fått lov til å gifte seg. Gifte par har nokre rettar, mellom anna får dei arv etter kvarandre når den eine døyr. Frå 1993 til 2009 fekk lesbiske kvinner og homofile menn inngå eit slags ekteskap. Det vart kalla partnarskap. Då fekk dei arv etter kvarandre, men dei fekk ikkje lov til å adoptere barn saman, eller få hjelp å bli gravide (assistert befrukting).

Noreg vedtok ny ekteskapslov i 2008, og då fekk lesbiske par desse rettane.

Historie

Foto av Kim Friele
Kim Friele regnes som den viktigste forkjemperen for homofiles rettigheter i Norge.
Av .
Lisens: CC BY 3.0

Dei første spora etter lesbiske kvinner kjem frå den greske øya Lesbos, i antikken. Der skreiv poeten Sapfo kjærleiksdikt til andre kvinner.

I gamle dagar var det mange som trudde at det var feil eller ein sjukdom når ei kvinne ville vere saman med ei anna kvinne. Dei trudde at alle par måtte vere ein mann og ei kvinne. Dette synet var vanleg, og det har teke lang tid for samfunnet å venne seg til tanken på fleire seksuelle orienteringar. Framleis synest nokon det er vanskeleg å fortelje til familie og venner at dei er lesbiske.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Reidar Schei Jessen
Forsker, Universitetet i Oslo