Identitet er korleis ein opplever at ein sjølv er, som person. Det handlar også om kven og korleis ein er saman med andre.

Identitet er svar på spørsmåla:

  • Kven er eg?
  • Kva er min plass i verda?

latin betyr identitet 'det same'. Mange finn ut av identiteten sin ved å kjenne igjen eigne trekk ved seg sjølv hos andre.

Typar

Alle menneske har meir enn éin identitet, fordi ein er i ulike situasjonar. Det finst fleire typar identitet.

Identitet kan mellom anna handle om kjønn, seksuell legning, sosial klasse, utdanning, yrke, religion, livssyn, interesse eller at ein høyrer til på ein bestemt stad.

Personleg identitet er ein del av korleis ein oppfattar seg sjølv. Det er personen si eiga meining om kven hen er og kva eigenskapar hen meiner definerer hen som person.

Etnisk identitet handlar både om kvar ein kjem frå og om kva gruppe eller kultur ein synest at ein høyrer til. Ein kan oppleve å høyre til i ei eller fleire grupper. Ein person som er fødd i Kina, men bur i Noreg, kan identifisere seg som kinesar, kan høyre til i den kinesiske kulturen, ete kinesisk mat og snakke kinesisk. Ein annan person som også er fødd i Kina, men bur i Noreg, kan identifisere seg som berre norsk, kan ete norsk mat, snakke norsk og kjenne seg heime i den norske kulturen. Det er ikkje uvanleg å føle at ein høyrer til i meir enn éin kultur, eller at ingen av kulturane passar heilt.

Kollektiv identitet er når ein opplever at ein høyrer til i ei gruppe fordi ein deler meiningar, haldningar, kjensler eller interesser.

Kjønnsidentitet er kjensla av å høyre til i eit kjønn. Dei fleste opplever seg som enten mann eller kvinne. Nokon opplever seg både som mann og kvinne, eller ingen av delane. For dei fleste menneske heng kjønnsidentiteten saman med kjønnet som vart registrert då dei var babyar, men for transpersonar gjeld ikkje dette.

Relasjonell identitet er korleis ein ser seg sjølv i forhold til andre menneske. Ein person kan vere ven, bror eller søster, ektefelle, kollega eller sjef til ulike andre personar.

Identiteten blir forma

Identiteten er ikkje lik gjennom livet. Det er særleg vanleg at ungdommar bruker tid på å prøve ulike interesser og leite etter sin plass i samfunnet. Som ungdom blir ein meir klar over kven ein er i forhold til andre. Ein ser også tydelegare korleis andre personar er. Ungdommar utviklar nye roller og skal blir meir sjølvstendige. Dei utforskar verdiar og haldningar. Dei søkjer etter stadar å høyre til.

Å høyre til i ei gruppe gjer ofte at dei andre i gruppa forventar ein bestemd type oppførsel. Nokre gonger kan forventningane frå ulike grupper komme i konflikt med kvarandre. For eksempel kan familien, skulen, jobben eller venar ha ulike forventningar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Ivar Røssberg
Professor i psykiatri, Universitetet i Oslo