Foto av hender iført hansker holder utstyr for å sikre spor. Den ene hånden holder vattpinner. Den andre hånden holder papirposen sporene skal leveres i. Papirposen har Politiets logo på seg.

Bevis i en sak kan for eksempel være DNA. DNA finnes i blod, hår, negler, hudflak, spytt, og andre væsker fra kroppen.

Bevis er noko som viser at noko er sant eller fakta. Bevis blir for eksempel brukt for å finne ut om nokon er skuldige eller uskuldige i å bryte loven. Forskarar bruker bevis for å finne fakta om det dei forskar på.

Bevis kan også vere noko ein person viser fram. Til dømes eit bevis på ein er student, ein attest frå ein arbeidsgivar eller karakterar frå vidaregåande skule i eit vitnemål.

Bevis i straffesaker

Dersom det har skjedd eit lovbrot er det som oftast politiet som skal finne bevis. Når dei har etterforska ei sak, skal bevisa vise kva som har skjedd i saka. Dei skal vise fram alt dei finn, også dei bevisa som viser at ein person er uskuldig.

Dersom det er nok bevis som viser at nokon er skuldige kan politiet sende saka og bevisa vidare til ein domstol. Bevis i ei rettssak er for eksempel:

  • Avhøyr av vitne og mistenkte
  • Bilete eller andre ting frå ein åstad
  • Fingeravtrykk eller DNA
  • Kuler frå ein pistol

Bevis i sivile saker

Sivile saker er alle rettssaker som ikkje er straffesaker. Dersom to personar er ueinige om noko, kan dei be ein domstol avgjere saka på grunnlag av bevisa.

Bevis i sivile saker kan for eksempel vere dokument. Ein arbeidskontrakt er eit slikt dokument. Dersom ein arbeidsgivar og ein arbeidstakar er ueinige om for eksempel lønna, arbeidstida eller arbeidsforholda, er arbeidskontrakten viktig som bevis.

Gamle dokument kan også vere bevis. Dersom to naboar er ueinige om den eine har lov til å køyre over tomta til den andre, kan det vere gamle avtaler om dette.

Også i sivile saker er vitne viktige. Vitna blir då avhøyrd i eit rettsmøte.

I begge typar saker ser domstolen på alle bevisa og vurderer dei. Bevis er viktige når dommarane skriv ein dom.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jon Gisle