Foto av K2
K2 er verdas nest høgaste fjell, 8611 meter over havet. Det ligg i den delen av Kashmir som er styrt av Pakistan.
Av .
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Kashmir er eit område som ligg ved fjellkjeda Himalaya i Asia. Området er delt mellom landa Pakistan, India og Kina. Kashmir grensar òg til Afghanistan.

India har kontroll over rundt halvparten av arealet i Kashmir, Pakistan ein tredel og Kina resten.

Natur og klima

Kashmir

Kart over Kashmir. Dei raude områda er okkupert av Pakistan, dei grøne av India og dei gule av Kina.

Av /Store norske leksikon ※.

Mesteparten av Kashmir består av fjellområde. I Kashmir ligg fjellet K2, som er verdas nest høgaste fjell, 8611 meter over havet. I fleire fjellområde er det snø heile året. Kashmir ligg i eit område der det er mange jordskjelv.

Det er fleire nasjonalparkar i Kashmir der det lever mellom anna bjørn, sjakal, snøleopard og hjort.

Folk og kultur

Det bur rundt 13 millionar menneske i Kashmir, og området er halvparten så stort som Noreg i storleik. Srinagar er den største byen med rundt 1,7 millionar innbyggjarar.

Rundt 75 prosent av befolkninga i Kashmir er muslimar og 20 prosent hinduar. Dei største språka er urdu, kasjmiri og hindi.

Politikk og økonomi

Både India og Pakistan meiner at heile Kashmir tilhøyrer dei, medan Kina krev ein liten del av området. Det er også opprørsgrupper i området som meiner at Kashmir bør bli eit eige land.

Dei siste tiåra har det vore mykje uro og fleire krigar i Kashmir. Dei fleste konfliktane har vore mellom India og Pakistan. Kashmir er av dei områda i verda der det er flest militære styrkar, mellom anna frå FN.

Nesten 80 prosent av befolkninga i Kashmir arbeider med landbruk. Bøndene dyrkar mellom anna ris, mais, kveite, bygg og havre.

Historie

Mange ulike folkegrupper styrte i Kashmir fram til Storbritannia koloniserte området på slutten av 1800-talet.

Da britane drog frå India i 1947, blei landet delt inn i to sjølvstendige land, India og Pakistan. Etter delinga braut det ut krig mellom India og Pakistan.

I 1962 okkuperte Kina ein del av områda i Kashmir. India meiner desse områda tilhøyrer dei. Dette har ført til at forholdet mellom landa i periodar har vore dårleg.

India, Pakistan og Kina er framleis ikkje samde om kven som har rett til områda i Kashmir.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør