Logoen til Amnesty International
Logoen til Amnesty International
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Amnesty International er ein internasjonal organisasjon som arbeider for menneskerettar over heile verda. Dei er opptekne av at alle statar skal følge FN si erklæring om menneskerettar.

Organisasjonen tilhøyrer ikkje noko land, politikk eller religion. Dei får ikkje pengar frå land, men frå personar som er medlemar.

Amnesty blei starta i 1961 av den britiske advokaten Peter Benenson. Amnestys hovudkontor i London i Storbritannia har ansvar for å etterforske brot på menneskerettar i alle land. Amnesty har meir enn ti millionar medlemmer, aktivistar og folk som støtter dei i meir enn 150 land.

Amnesty fekk Nobels fredspris i 1977.

Bakgrunn

Ordet amnesty (amnesti på norsk) tyder at nokon som er straffa, får straffa sletta. Ordet amnesti blir ofte brukt om sletting av straff for samvitsfangar.

Samvitsfangar vil seia menneske som er i fengsel på grunn av for eksempel:

Samvitsfangar har ikkje brukt vald eller bedt andre om å bruke vald.

Oppgåver og arbeidsmåtar

Amnesty har fire hovudoppgåver:

  1. Å arbeide for at alle samvitsfange blir sloppe laus.
  2. Å sikre at politiske fangar får ein rask handsaming av saka si i en rettferdig domstol.
  3. Å avskaffe dødsstraff, tortur og anna grufull behandling av fangar.
  4. Å stanse det at menneske blir avretta eller berre «forsvinn» utan at dei har fått ein dom av ein domstol.

Mykje av aktiviteten i Amnesty skjer i lokale grupper i ulike land. Ein måte å aksjonere på, er at eit stort antal medlemmar sender kvart sitt postkort eller kvar sin e-post. Dei sender posten til myndigheitene som held ein bestemt samvitsfange fengsla.

Amnesty International gjev råd til FN og ein rekke andre internasjonale organisasjonar.

Amnesty Norge

Amnesty Norge starta i 1964 og har om lag 100 000 medlemmar. Amnesty Norge blir rekna som ein viktig samtalepartnar for dei norske myndigheitene i spørsmål om menneskerettar i Noreg og verda.

Organisasjonar som Amnesty Norge kan få støtte av staten til arbeidet dei gjer. Amnesty Norge ynskjer likevel ikkje nokon støtte, fordi organisasjonen vil vere heit uavhengig. Det same gjeld Amnesty International i andre land.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo
Siviløkonom, tidligere ambassadør