Tortur er å mishandle nokon (for eksempel ein fange) med vilje. Dei som utøver tortur er ofte personar med makt i ein stat. Det kan vere politi, rettsvesen eller folk frå militæret. Tortur skjer oftest i land med svakt utvikla demokrati, men kan også skje i demokratiske land.

Ein som blir torturert, kan for eksempel bli slått, bunden fast eller bli tvinga til å vere vaken mange døgn på rad. Den som blir torturert, kalles offer.

Det er større sjanse for at tortur skal skje på stader som er skjult for mediene og befolkninga, som i militære fangeleirar eller inne i fengsel.

Mål

Målet med tortur kan vere å få fangar til å bekrefte opplysningar, eller gi nye opplysningar. Eit anna mål kan vere å bryte ned fangen psykisk. Tortur kan også skje som rein straff.

Informasjon frå tortur

Forskarar har funne ut at tortur er ein dårleg måte å skaffe informasjon på. Det er fordi offeret kan finne på å seie kva som helst for å sleppe unna meir tortur. Offeret vil då seie det dei trur dei som driv med torturen helst ønsker å høyre, ikkje kva som er sant.

Konsekvensar

Folk som har blitt utsette for tortur har ofte traume og langvarige skader frå det. Skadene kan både vere fysiske skader, som smerter, og psykiske, som angst og depresjon.

Det å utøve tortur kan også gjere psykisk skade på den som torturerer. Men dei som utøver tortur trur ofte at dei gjer det for ein god sak.

Tortur er ulovleg

Dei fleste landa som er medlemar i FN har skrive under på ein avtale om at ingen skal bli torturert og at alle fangar skal behandlast med respekt. Dette gjeld både fangar i fengsel eller fangeleir, og krigsfangar. Avtalen heiter torturkonvensjonen.

Fangar er også menneske, og alle menneske har verdi. Det er grunnlaget for menneskerettane. Å mishandle eit menneske som er fanga, er eit brot på menneskerettane og avtalen med FN.

Tortur er ulovleg, og landa som bryt avtalen kan få straff.

Førebygging

Sjølv om tortur er forbudt, skjer det fleire stader. Organisasjonen Amnesty arbeidar mellom anna med å avsløre tortur. Amnesty har funne ut at det har vore tortur i minst 140 land sidan 1997.

For å hindre tortur, er det viktig at det vert avslørt. Det hjelper å ha fri presse og ytringsfridom, altså at journalistar kan skrive om ting dei får vite, utan å frykte straff. Då kan dei avsløre tortur. I land med sensur, er slike avsløringar nesten umogleg å få til.

Organisasjonar som jobbar med menneskerettar, som for eksempel Amnesty, er også viktige for å avsløre slike overgrep.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Kjetil Mujezinović Larsen
Professor, Universitetet i Oslo