Juridisk betyr rettsleg. Ordet blir brukt om ting som har med lover, domstolar og juss å gjere.

Når ein seier at noko er sånn eller slik i juridisk forstand, meiner ein det som er heilt rett etter lova. Då kan ein òg skilje mellom fleire sider av ei sak eller mellom formell og uformell bruk.

Ein person kan kalle seg Kikki Hansen til kvardags, men eigentleg heite Ann-Kristin Gjerde Hansen. Då er det juridiske namnet til personen Ann-Kristin Gjerde Hansen. Det juridiske namnet står i Folkeregisteret og i passet. Medan Kikki er eit kallenamn for Ann-Kristin.

Juridisk utdanning

Ein person som har juridisk utdanning blir ofte kalla jurist. Den avdelinga på universitetet der ein studerer for å bli jurist, heiter juridisk fakultet. Den eksamenen ein tar, heiter mastergrad i rettsvitskap. Det er berre folk med juridisk utdanning som kan bli advokat og dommar. Men mange juristar har andre jobber, for eksempel som saksbehandlarar i staten eller kommunar.

I Noreg går det òg an å studere juridiske fag på høgskular. Dei som studerer der blir ikkje juristar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jon Gisle