Faktaboks

Isaac Newton

Sir Isaac Newton

Fødd
4. januar 1643, Woolsthorpe, Lincolnshire i England
Død
31. mars 1727, London
Tegning av Newton som retter en lysståle fra en vegg mot et speil som står på et bord. På bordet bak Newton kan man se flere forskjellige instrumenter som kan brukes til eksperimenter.

Isaac Newton gjorde fleire eksperiment med lys.

Teikning av Newton
Av .
Lisens: fri

Isaac Newton var ein viktig engelsk matematikar og fysikar. Mykje av det ein lærer på skulen i matematikk og fysikk, kjem frå ting han oppdaga.

Bakgrunn

Newton blei fødd i England og var son av ein bonde. I 1661 byrja han å studere matematikk ved universitetet i Cambridge. Då universitetet i nokre år blei stengt på grunn av pest, studerte han sjølv heime.

Han elska å eksperimentere og finne svara sjølv. Han meinte det var betre enn at andre skulle fortelje han kva som var rett og gale.

Spektralfargene

Newton gjorde ei viktig oppdaging ved hjelp av eit teleskop. Eit teleskop er ein kikkert som blir brukt for å studere verdsrommet. Teleskopet forstørrar det som er langt borte. Når Newton kikka på ei stjerne som lyste sterkt gjennom teleskopet, så han ringjer i alle fargane i regnbogen rundt stjerna.

Astronomar som hadde sett det same, meinte at fargane kom av feil på linsa i teleskopet. Newton skjønte at det hadde noko med sjølve lyset å gjere. Han meinte at lyset var sett saman av bitte små bitar kalla partiklar. Han oppdaga også at kvitt lys er sett saman av alle fargane i regnbogen. Dette kalla han spektralfarger.

Newton skreiv om oppdaginga i boka Opticks, som blir rekna som den viktigaste boka om lys og fargar.

Newtons tre lover

Newton gjorde fleire andre viktige oppdagingar. Nokre av dei viktigaste blir kalla Newtons lover. Det er tre lover i fysikk som handlar om kraft og rørsle, og korleis ting flyttar på seg. Derfor blir dei også kalla rørslelovene.

Lova om tyngdekraft

Newton oppdaga og skreiv ned lova om tyngdekraft. Den lova gir ei forklaring på tidvatn og kvifor eit eple fell mot jorda. Lova forklarer også korleis planetane bevegar seg.

Alt dette skreiv han om i boka Principia. Denne boka var den viktigaste i fysikk og astronomi i mange hundre år.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Helge Svare
Forsker, OsloMet – storbyuniversitetet