To fingre på en hånd som strekker en strikk mellom seg.

Når ein strekkjer ut ein strikk, blir forma på den endra. Ein bruker kraft på strikken.

Foto av strikk.
Av .
Bildet viser tegning av en jordklode. På jordkloden står det et tre med epler. Et eple er på vei ned mot jorden. En pil peker nedover fra eplet. Over jordkloden er det en tegning av månen med en pil til høyre og en pil nedover.

Tyngdekrafta dreg eplet ned mot Jorda. Det er også tyngdekrafta som får Månen til å gå i bane rundt Jorda.

Illustrasjon av tyngdekraft.
Av .

Kraft er det som får ting til å bevege seg på ein ny måte eller forandre form. Viss ein til dømes sparkar ein fotball, bruker ein kraft frå foten til å bevege fotballen. Viss ein krøllar saman eit ark, bruker ein kraft frå handa til å endre forma på arket.

Ei kraft verkar alltid mellom to ting, til dømes ein fot og ein fotball. Ein fotball kan ikkje sparke seg sjølv. Det går heller ikkje an å løfte opp seg sjølv.

Døme på krefter:

Krefter endrar rørsle

Kraft kan også få ting til å stoppe. Ein kan til dømes bruke kraft til å dytte på eit rullebrett slik at det byrjar å trille. Ein kan også bruke kraft til å stoppe rullebrettet når det har byrja å trille.

To typar krefter

Ein kan dele inn krefter i to typar. Den eine typen blir kalla kontaktkrefter, og den andre typen blir kalla fjernkrefter.

Kontaktkrefter verkar berre mellom ting som er heilt borti kvarandre, det vil seie at dei har kontakt. Viss ein til dømes skal sparke ein fotball, må foten komme heilt borti ballen. Viss foten og ballen ikkje er borti kvarandre, vil det ikkje virke noka kraft mellom dei. Då vil ikkje ballen byrje å bevege seg.

Fjernkrefter kan verke mellom ting sjølv om dei ikkje er borti kvarandre. Viss ein hoppar opp i lufta, er ein ikkje borti Jorda. Likevel blir ein drege ned igjen til Jorda av tyngdekrafta. Eit anna døme på fjernkrefter er magnetiske krefter. To magnetar blir drege mot kvarandre, sjølv om dei ikkje ligg heilt inntil kvarandre.

Sterke og svake krefter

Korleis ein ting bevegar seg eller endrar form, kjem an på om det verkar svak eller sterk kraft på tingen. Viss ein bruker lite kraft til å sparke ein fotball, vil han trille sakte. Viss ein bruker mykje kraft til å sparke ein fotball, vil han trille fort.

Rekning på kraft

Viss ein veit kva for krefter som verkar på ein ting, kan ein rekne ut korleis tingen kjem til å bevege seg.

Viss ein slepper ein ball, vil tyngdekrafta trekkje ballen nedover. Samtidig vil friksjonskrafta frå lufta bremse ballen. Dette blir kalla luftmotstand. Viss ein både veit kor stor tyngdekrafta og luftmotstanden er, kan ein rekne ut farten til ballen.

Å rekne på krefter er ein viktig del av jobben til fysikarar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jacob Linder
Professor, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet