Partikkel er ein bitte liten bit av noko. Eit støvkorn kan kallast for ein støvpartikkel. Dei aller minste delane som alt i naturen er bygd opp av, blir kalla partiklar.

I fysikk og kjemi blir dømes atom og molekyl kalla for partiklar.

I fysikken blir ordet partikkel også brukt om elementærpartiklar. Elementærpartiklar er dei aller minste partiklane i naturen som ikkje kan delast.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jacob Linder
Professor, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet