Foto av ein skulptur som ser ut som tre veldig store sverd som er stukke ned i bakken like ved sjøen
Figurativ skulptur laga av bronse til minne om slaget ved Hafrsfjord. Skulpturen heiter Sverd i fjell, og er laga av Fritz Røed. Den står på Madla i Rogaland.
Foto av skulptur
Av /Shutterstock.
Foto av Ivar Aasen-statue

Denne statuen i bronse av forfattar og forskar Ivar Aasen er laga av Dyre Vaa. Den står i Ørsta i Møre og Romsdal. Steinklossen statuen står på heiter en sokkel.

Foto av Ivar Aasen-statue
Av /Store norske leksikon.

Ein skulptur er eit kunstverk som ikkje er flatt, det er altså tredimensjonalt. Skulpturar kan vere små eller store, og dei blir laga i ulike materiale.

Ein kunstner som lagar skulpturar blir kalla skulptør eller bilethoggar.

Materiale

Skulpturar kan lagast av for eksempel desse materiala:

  • stein, for eksempel granitt eller marmor
  • tre
  • metall, for eksempel bronse eller stål
  • gips
  • keramikk
  • bein
  • plast

Utdanning

I Noreg kan ein bli skulptør ved å studere kunst. Nokre vidaregåande skular har samla faga kunst, design og arkitektur i ei studieretning. Etterpå kan ein studere kunstfag på fleire høgskular og universitet. Etter kvart kan ein spesialisere seg i å lage skulpturar.

Typar skulpturar

Ein skulptur som viser menneske eller dyr, blir kalla ein statue. Det er likevel vanleg å bruke orda skulptur og statue litt om kvarandre.

Når ein kan sjå kva skulpturen førestiller, er det ein figurativ skulptur. Eit eksempel på ein figurativ skulptur er ein statue av ein fotballspelar.

For nokre skulpturar er forma viktigare enn at ein skal sjå kva figuren førestiller. Då er skulpturen nonfigurativ eller abstrakt.

Figurative skulpturar

Mange figurative skulpturar førestiller kjende personar. Dei er laga for å minnast kva personen har gjort medan hen levde. Dei står ofte på ein stad der akkurat den personen var viktig.

I Noreg har vi for eksempel statuar av:

  • skodespelar Wenche Foss like ved Nationaltheatret i Oslo
  • nynorskens far, Ivar Aasen, i Ørsta i Møre og Romsdal
  • vikingkongen Olav Tryggvason i Trondheim

Nokre skulpturar er laget til minne om hendingar eller periodar. For eksempel skulpturen av tre sverd til minne om slaget ved Hafrsfjord, og skulpturen til minne om kvalfangst i Sandefjord.

Nonfigurative skulpturar

Foto av skulptur

Nonfigurativ statue i stål, laga av Knut Steen. Statuen er til minne om vikingkongen Olav Kyrre, som blir rekna som grunnleggjaren av Bergen.

Foto av skulptur
Av /Shutterstock.

Det finst òg mange nonfigurative skulpturar som er laga til minne om noko eller nokon.

Eit døme er skulpturen av vikingkongen Olav Kyrre i Bergen. Denne skulpturen er laga i blank stål. Den er nonfigurativ, for sjølv om forma kan minne om ein mann på ein hest, ser ikkje statuen ut som mann og hest.

Historie

Foto av skulptur

Venus frå Willendorf er ein av dei eldste kjende skulpturane. Den er litt over 11 cm høg, og laga i kalkstein.

Foto av skulptur
Av /Getty Images.

Det er funne skulpturar som førestiller både menneske og dyr, som er laga for mange tusen år sidan.

Ein av dei aller første skulpturane heiter Venus frå Willendorf og er laget i steinalderen. Den viser ei kvinne utan ansikt med ekstra store bryst. Forskarar trur figuren kanskje førestiller ein kvinneleg gud.

Mange av dei første skulpturane var knytt til religionane folk hadde. I det gamle Egypt laga dei statuar til gravene, som førestilte den som var død. Statuen måtte likne den døde, fordi dei trudde at sjela flytta seg til statuen etter døden.

Framleis er det vanleg at religiøse bygg og stader har skulpturar som pynt. Til dømes har kristne kyrkjer skulpturar av Jesus, og buddhistiske tempel har skulpturar av Buddha.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Erik Mørstad
Universitetet i Oslo