Faktaboks

Ivar Aasen

Ivar Andreas Aasen

Fødd
5. august 1813, Ørsta
Død
23. september 1896, Oslo
svart/hvitt tegning av forfatteren som leser en bok. Han bruker et lite forstørrelsesglass for å lese.

Ivar Aasen.

Tegning av Ivar Aasen, 1896.
Av .
Lisens: Udefinert

Ivar Aasen var ein norsk språkforskar og forfattar. Han forska på norske dialekter for å lage eit norsk skriftspråk basert på dei. Han kalla dette språket «landsmål». Landsmål skifta seinare namn til nynorsk, og han blir difor ofte kalla «nynorskens far».

I tillegg til dialekter samla han òg inn eventyr, namn og ordtak.

Bakgrunn

Foto av Ivar Aasen-statue.

Statuen i bronse av forfattar og forskar Ivar Aasen er laga av Dyre Vaa. Den står i Ørsta i Møre og Romsdal.

Foto av Ivar Aasen-statue.
Av /Store norske leksikon.

Ivar Aasen vaks opp på ein gard i Ørsta på Sunnmøre. Begge foreldra døydde då han var liten. Sjølv om han hadde få dagar på skulen, blei han tidleg interessert i å lese. Like ved garden heime låg det ein gard som hadde mange bøker, og dit gjekk han ofte for å lese. Han var òg ein flink elev.

Då Ivar Aasen blei vaksen byrja han etter kvart å jobbe som lærar. På enkelte av stadane han var lærar, fekk han òg meir undervisning sjølv i ulike fag.

Språkarbeid

I løpet av tida i union med Danmark hadde skriftspråket i Noreg blitt dansk. I 1814 blei Noreg eit eige land igjen. Etter kvart meinte mange at det burde vere eit eige norsk skriftspråk. Det var kamp om korleis ein skulle lage dette.

Det var to måtar folk meinte ein kunne lage eit norsk skriftspråk på:

  • Nokre meinte at ein burde ta utgangspunkt i korleis folk i Noreg prata, og så lage eit skriftspråk ut frå det. Dette meinte Ivar Aasen var den rette måten å arbeide på.
  • Nokre meinte ein burde ta utgangspunkt i dansk, og så gjere det meir norsk. Det meinte til dømes Knud Knudsen.

For å lage eit nytt, norsk språk utifrå korleis folk snakka, reiste Aasen rundt om i landet for å samle inn dialektene frå vanlege folk i Noreg. Aasen studerte korleis folk snakka. Så sorterte og samla han ord og uttrykk i ordbøker og grammatikk-bøker.

Aasen kalla målet sitt «landsmål». For han var det eit synonym til «riksmål», og det tydde altså ikkje «målet på landsbygda», men «målet i og for heile landet». I 1929 blei namnet endra til nynorsk. På same tid endra skriftspråket som blei kalla dansk, dansk-norsk eller riksmål namn til bokmål.

Viktige bøker

Ivar Aasen skreiv mellom anna desse tre bøkene om språk:

  • Det norske Folkesprogs Grammatik 1848
  • Ordbog over det norske Folkesprog 1850
  • Prøver af Landsmaalet i Norge i 1853

I tillegg til å skrive om språk og dialekter, var Ivar Aasen oppteken av å samle inn eventyr, segner og ordtak. Han skreiv òg eigne dikt. Det mest kjende er «Nordmannen», som ofte blir kalla Mellom bakkar og berg, frå 1863.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo