Ung gut snakkar med ein psykolog. Guten ser lei seg ut.
Psykologen er ekspert på kjensler og psykisk helse. Gjennom å snakke med ein pasient prøver psykologen å finne ut av kva som kan endre ein vanskeleg situasjon.
Foto
Av /NTB.

Ein psykolog er ein person som har studert psykologi på eit universitet og som er godkjend som psykolog av staten. Ein psykolog arbeider med å førebyggje og behandle psykisk sjukdom. Dei skal finne ut kva som feiler ein pasient og gi dei rett behandling.

Psykologar har mykje ansvar, difor er det ein beskytta tittel. Det vil seie at ein som vil arbeide som psykolog må ha rett utdanning og bli godkjend av Staten før hen kan få jobb. Psykolog er eit viktig yrke i helsevesenet. Der arbeider dei mellom anna saman med psykiatrar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

Alle psykologar har teieplikt. Det vil seie at dei ikkje kan fortelje andre om det dei får høre på jobben.

Oppgåver

Psykologen er ekspert på kjensler og psykisk helse. Gjennom å snakke med ein pasient prøver psykologen å finne ut av kva som kan gjerast for å endre ein vanskeleg situasjon.

Behandlinga kan til dømes vere:

  • samtaleterapi, det vil seie at psykologen og pasienten snakkar saman og finn løysingar
  • øvingar
  • å sende pasienten vidare til ein psykiater eller annan spesialist i helsevesenet

Ein psykolog kan behandle ein person om gongen eller behandle fleire personar samstundes i gruppe. Ofte samarbeider psykologen med fleire, som for eksempel familien eller skulen til pasienten.

Psykologar har ikkje løyve til å skrive ut medisin, det må ein lege eller psykiater gjere. Ein psykiater er ein lege som har spesialisert seg i behandling av psykiske lidingar.

Arbeidsplassar

Alle som bur i Noreg har rett til nødvendig psykisk helsehjelp.

Det er fleire måtar ein kan kome i kontakt med ein psykolog på. Ein kan finne ein psykolog som arbeider i ein privat bedrift.

Ein kan også gå til fastlegen først. Fastlegen vurderer om pasienten er så sjuk at ein bør få behandling av ein psykolog. Så skriv fastlegen ei tilvising som gjer at ein kan få behandling hos ein psykolog som arbeider i det offentlege. Dei fleste psykologar jobbar i det offentlege helsevesenet, til dømes i:

  • DPS for vaksne (distriktspsykiatriske sentre)
  • BUP for barn og ungdom (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk)
  • familievernkontor
  • kommunehelsetenesta

Mange psykologar arbeider også i PPT.

Når ein får behandling hos ein offentleg psykolog, betaler ein berre ein eigendel. For barn og ungdom er behandlinga gratis. Det kan vere ventetid for å få hjelp. Psykologar samarbeider med barnevernet, barnehagar, skular og organisasjonar.

Hos private psykologar treng ikkje pasientane tilvising. Der må dei må betale for behandlinga sjølv.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Geir Sverre Braut
Professor, Høgskulen på Vestlandet